Gadus Neptun
SLAGSIDE: Trålaren Gadus Neptun måtte evakuerast då den fekk slagside i dokken hos Vard Langsten.
Nytt

Fekk slagside i dokken

Lerøy Havfisk-trålar på skakke hos Vard. Folk hoppa i sjøen.

20.11.2023

Vestnes-avisa skriv at trålaren Gadus Neptun frå reiarlaget Havfisk har velta i dokken på Vard Langsten, og viser eit biletet av båten på skeive i dokka.

Årsaka er ikkje kjent. Ingen personar er skadde, ifølgje Vard.

Mannskapet på båten tok på seg overlevingsdrakter og hoppa på sjøen då uhellet skjedde, skriv avisa.

– Det vart gjennomført ei kontrollert evakuering av mannskapet på 15 om bord. Desse vart tatt i land av MOB-båt. Dei vart først ivaretatt av verftet, men er no på veg til Ålesund for å bli ivaretatt av reiarlaget sitt kriseteam, seier Anne Bente Skjellum i Vard til avisa.

Politiet i Møre og Romsdal opplyser på X (tidlegare Twitter) at dei har fått melding om hendinga, men at dei ikkje ser på situasjonen som ei politisak.

Publisert: 20.11.2023 16:47

Sist oppdatert: 20.11.2023 17:59

Mer om