Felles sjef for Brattvåg og Søviknes
Starta som lærling. No er han sjef for to verft.
Arnt Inge Gjerde (40) er tilsett som ny verftsdirektør ved Vard Brattvaag. Han har vore sjef for Vard Søviknes sidan 2020 og no skal han leie begge verfta.
Dei to verfta ligg geografisk nært kvarandre og har hatt eit godt samarbeid i mange år skriv Vard i ei pressemelding.
Tidlegare Vard Brattvaag-sjef Dag Vikestrand slutta tidlegare i haust for å bli dagleg leiar ved Fiskerstrand Verft.
Les også
Starta som lærling
Arnt Inge Gjerde starta hos Vard Søviknes som lærling industrimekanikerfaget i 2000 og tok fagprøva i 2002.
Han har tatt vidareutdanning ved Teknisk Fagskule i Ålesund og hatt ei rekkje ulike arbeidsoppgåver hos Vard Søviknes, før ha blei leiar for verftet.
Verfta kan jobbe tettare saman og til å lære av kvarndre, samstundes som dei kan dele meir på ressursane for å få ei jamnare arbeidsmengde, seier Gjerde i pressemeldinga.
Publisert: 29.11.2022 10:28
Sist oppdatert: 29.11.2022 10:49