(NPK-NETT.NO): Ferjeopprøret blir onsdag tema i spørjetimen på Stortinget. Fire stortingsrepresentantar frå Senterpartiet krev då svar frå samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) om billettprisane på ferjene.
Stortingsrepresentant Jenny Klinge som representerer Møre og Romsdal fryktar dei høge ferjeprisane kan føra til eit transportmessig klasseskilje. Ho meiner situasjonen er verst for dei som er avhengige av fylkesvegferjer og vil vita kva statsråden vil gjera for å sikra at fylkeskommunane kan gje eit godt ferjetilbod.
– Vil statsråden halde fram med å føre ein politikk som gjer det dyrare for folk i distrikta å kome seg til og frå jobb, vil Bjørdal vite.
(startar onsdag kl. 10)
For å bøta på dette meiner han staten må koma på banen.
– På kva måte vil statsråden sikra at ferjereisande og fylkeskommunen ikkje står åleine med den store meirkostnaden som er påført med omlegginga til låg- og nullutsleppsteknologi, spør han.
Representanten Geir Adelsten Iversen frå Finnmark, som sjølv bur på ei øy, vil vita om samferdselsministeren vil syta for at prisen på ferjer og hurtigbåtar blir haldne på eit nivå som gjer at ein unngår at folk blir tvinga til å flytta.
Samtidig viser Navarsete til at overgangen til nullutslepp frå ferje og hurtigbåtar fører til store ekstra kostnader for fylkeskommunen.
– Vil statsråden at Vestland skal reversera overgangen til nullutslepp eller vil regjeringa løyva midlane som trengst for å få utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar, spør ho.
(©NPK)
Stortingsrepresentant Jenny Klinge som representerer Møre og Romsdal fryktar dei høge ferjeprisane kan føra til eit transportmessig klasseskilje. Ho meiner situasjonen er verst for dei som er avhengige av fylkesvegferjer og vil vita kva statsråden vil gjera for å sikra at fylkeskommunane kan gje eit godt ferjetilbod.
Spør om pendlarane
Fredric Holen Bjørdal (A) vil også ha svar frå distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland om pendlarane sin kvardag. Han peiker på at det er over éin million pendlarar som har fått høgre utgifter dei siste åra.– Vil statsråden halde fram med å føre ein politikk som gjer det dyrare for folk i distrikta å kome seg til og frå jobb, vil Bjørdal vite.
(startar onsdag kl. 10)
Vil ha statsråden på banen
Stortingsrepresentant Hans Inge Myrvold (Sp) frå Hordaland meiner ferjereisande langs heile kysten no er i ein uhaldbar situasjon. Han peikar på at ferjebillettane har auka så mykje at innbyggjarane i distrikta anten må flytta eller byta jobb for å få økonomien til å hengja saman.For å bøta på dette meiner han staten må koma på banen.
– På kva måte vil statsråden sikra at ferjereisande og fylkeskommunen ikkje står åleine med den store meirkostnaden som er påført med omlegginga til låg- og nullutsleppsteknologi, spør han.
Les også:
Representanten Geir Adelsten Iversen frå Finnmark, som sjølv bur på ei øy, vil vita om samferdselsministeren vil syta for at prisen på ferjer og hurtigbåtar blir haldne på eit nivå som gjer at ein unngår at folk blir tvinga til å flytta.
– Vanskeleg økonomi for Vestland
Kostnadene i samband med omlegginga til meir miljøvennleg teknologi er tema også for spørsmålet til Liv Signe Navarsete. Ho peikar på at Vestland fylkeskommune har ein vanskeleg økonomi etter samanslåinga, og at dei ikkje har fått økonomisk overføring frå staten slik regjeringa har lova.Samtidig viser Navarsete til at overgangen til nullutslepp frå ferje og hurtigbåtar fører til store ekstra kostnader for fylkeskommunen.
– Vil statsråden at Vestland skal reversera overgangen til nullutslepp eller vil regjeringa løyva midlane som trengst for å få utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar, spør ho.
(©NPK)
Les også:
Analyse
:Synspunkt:
Publisert: 05.02.2020 08:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52






