Magerholm ferjekai foto Ogne
VARSEL: Sambandet Magerholm-Sykkylven er ei av ferjestrekningane som kan bli råka av streik. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ferjetrafikken kan bli streikeramma

29 bedrifter eller avdeling i konsern på Nordvestlandet har fått streikevarsel. I tillegg blir ferje- og bussamband råka.

06.04.2021

Arbeidstakarorganisasjonane LO og YS har sendt ut streikevarsel for i alt 30.000 tilsette.

Mellom dei er 29 selskap eller avdelingar av selskap med adresse på Nordvestlandet. Du ser lista over kven som har fått streikevarsel i slutten av artikkelen.

I tillegg har ferje-og buss-selskap fått streikevarsel. Streik vil bety reduserte avganger på mellom andre sabanda Molde-Vestnes, Hareid-Sulesund, Anda-Lote og Magerholm-Sykkylven.

Bussar og ferjer
Bussjåførar over heile landet kan bli tekne ut i streik til helga viss det ikkje blir semje i lønnsoppgjeret. Ei rekkje ferjestrekningar blir òg ramma.

– Viss vi ikkje kjem til semje med NHO innan meklingsfristen, tek YS ut over 5.500 bussjåførar over heile landet i streik, opplyser Eirik Bornø, leiar for YS Privat.

Ein streik vil truleg føre til at alle rutebussar står, opplyser YS.

I tillegg varslar LO at dei vil ta ut i overkant av 23.500 medlemmer i streik, fleire av dei innan buss- og transport. Ei rekkje ferjesamband blir òg ramma.

Møtest til helga

– Vi har alltid som mål å bli samde, men er òg førebudd på streik, om det blir nødvendig. Eg konstaterer at det ikkje har vore mogleg å bli samde med NHO så langt, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

LO og YS har tysdag sendt varsel om plassoppseiing i det første streikeuttaket til Riksmeklaren og NHO.

Bakgrunnen er årets lønnsoppgjer som det blir mekla om hos Riksmeklaren frå fredag av. Fristen går ut ved midnatt natt til søndag 11. april.

– Viss partane ikkje blir samde innan fristen, vil 23.548 arbeidstakarar i NHO-bedrifter streike frå byrjinga til arbeidstida, seinast frå klokka 6, søndag 11. april, opplyser LO.

Ein eventuell streik kan etter kvart òg bli utvida.

Fleire bransjar
LO-medlemmene som blir tekne ut i streik, omfattar fleire bransjar, viser den fullstendige lista. Mellom anna industri, bygg og anlegg.

– Med dette streikevarselet viser vi styrken og solidariteten i frontfagsmodellen. Vi tek kampen for heile arbeidslivet mot NHOs provoserande krav om reallønnsnedgang og stiller oss solidarisk bak kravet om eit ekstra lønnsløft for dei lågast lønte, seier Følsvik.

Varselet frå YS omfattar tilsette i busselskap over heile landet.

– Vi håpar sjølvsagt å unngå arbeidskonflikt, men dette er no opp til NHO. Å halde oppe kjøpekrafta er både eit rettidig, men også svært moderat krav i den situasjonen vi no er i, seier Bornø.

Bedrifter på Nordvestlandet som har fått streikevarsel
Juridisk navn Avdeling Poststed
Adecco Solutions AS Avd B&A Ålesund ÅLESUND
Polygon As Avd. Ålesund ÅLESUND
Skanska Norge AS avd div Nordvest ÅLESUND
Veidekke Industri AS Asf Ålesund ÅLESUND
Recover Ålesund ÅLESUND
Schenker AS avd Ålesund ÅLESUND
Veidekke Industri AS Pg Knuseverk SANDSHAMN
Recover Volda VOLDA
Mørenett AS HOVDEBYGDA
Veidekke Industri AS Asf Ørsta HOVDEBYGDA
Veidekke Industri AS Dv Indre Sunnmøre VALLDAL
J. E. Ekornes AS Avd. Ikornnes IKORNNES
J. E. Ekornes AS Avd. Tynes IKORNNES
J. E. Ekornes AS Avd. Vestlandske SYKKYLVEN
Vello Nordic AS Skodje
Veidekke Entreprenør AS Region Nord/Vest Åndalsnes ÅNDALSNES
Veidekke Industri D&v Indre Romsdal ÅNDALSNES
EVRY Norge AS Avd Molde MOLDE
Adecco Solutions AS Avd Molde MOLDE
Kværner AS Lokasjon Molde MOLDE
Atlantic Auto AS avd Bilverksted MOLDE
Recover Molde MOLDE
Veidekke Industri AS Asf Molde MOLDE
J. E. Ekornes AS Avdeling Grodås HORNINDAL
Firda Billag Buss AS bildrift persontransport avd Nordfjordeid NORDFJORDEID
Firda Billag Buss AS bildrift persontransport avd Stryn STRYN
Olden Brevatn AS OLDEDALEN
Veidekke Entreprenør AS Region Nord/Vest avd Sandane SANDANE
Firda Billag Buss AS bildrift persontransport avd Sandane SANDANE

Publisert: 06.04.2021 13:44

Sist oppdatert: 06.04.2021 14:09