Brunstad Kraft foto Brunstad Kraft
STRAUM FRÅ ELVA: Brunstad Kraft er eigd av 14 grunneigarar og driv eit elverkraftverk i Sykkylven. Foto: Brunstad Kraft
Nytt

Finanskostnadane tok overskotet

Brunstad Kraft hadde i i fjor sine nest høgaste inntekter sidan starten i 2008, men gjekk med tap.

11.06.2024

Elvekraftverket, som er eigd av 14 grunneigarar på Brunstad i Sykkylven, nesten dobla driftsresultatet i 2023 (sjå tabell), men finanskostnadane auka enda meir. Dermed blei det minusresultat før skatt for andre år på rad.

Selskapet blei etablert i 2008 og produksjonen kom i gang i 2010.

Toppar og dalar
I ni av desse åra har selskapet hatt underskot, med 2020 som det verste året. Då var underskotet før skatt minus to millionar kroner.

I åra 2013-2015 var også underskota meir enn ein million kroner, men selskapet har samstundes hatt fem år med meir enn to millionar kroner i overskot. Toppåret, målt etter lønsemd var i 2011, med 4,6 millionar kroner i overskot. I 2021 var overskotet 2,3 millionar kroner.

Redusert gjeld
I 2011 hadde selskapet 27 millionar kroner i langsiktig gjeld, som gradvis har blitt redusert til 17,9 millionar kroner ved utløpet av 2023.

Den bokførte eigenkapitalen er på 7,4 millionar kroner.

Brunstad Kraft as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt3,83,1
Driftsresultat2,01,2
Resultat før skatt-0,3-0,2

Publisert: 11.06.2024 09:39

Sist oppdatert: 11.06.2024 09:46

Mer om