-Ekstremt lave prisar
Kraftprisen i fjor var berre halvparten av det som måtte til for å gå i pluss.
- Ekstremt lave prisar, seier dagleg leiar Oddbjørn Brunstad i Brunstad Kraft i Sykkylven om 2020.
Elvekraftverket, som er eigd av grunneigarane på Brunstad i Sykkylven hadde i fjor sitt største underskot sidan produksjonen kom i gang i 2010.
I år blir det pluss.
- Heilt omsnudd. Vi er tilbake til det normale og kanskje vel så det, seier Brunstad om kraftprisane i år.
Smell for bransjen
Både Tafjord-, Tussa- og Sogn og Fjordane Energi-konsernet fekk svakare lønsemd på grunn av prisfallet på kraft i fjor. Det gjorde og Stranda Energi (sjå tabell), som ifjor splitta selskapet i to, kraftproduksjon (Stranda Energi) og nettselskap (Tindra Nett).
Brunstad Kraft as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 1,7 | 6,4 |
Driftsresultat | -0,6 | 3,7 |
Resultat før skatt | -2,5 | 3,3 |
Stranda Energi as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 32,1 | 84,1 |
Driftsresultat | 3,4 | 15,9 |
Resultat før skatt | 0,2 | 10,1 |
Tindra Nett as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | |
Driftsinntekt | 41,5 | |
Driftsresultat | 5,3 | |
Resultat før skatt | 2,8 |
Den tøffe markanden i fjor medverka og til at eigarane av Tryggestad Kraft på Hellesylt selde til utanlandske investorar.
I år er Skinvik Kraftverk i Austefjorden seld tyskeigde Småkraft, og tidlegare har fleire opphavleg lokalt eigde småkraftverk på Nordvestlandet blitt selde.
Fellestrekket for selskapa som har fått nye eigarar er at dei ikkje fekk økonomien grunnleggarane hadde sett føre seg.
Også ei gruppe samarbeidande lokalt eigde småkraftverkr i Austefjorden/Bjørke-området der eigarane har kunne tatt ut millionutbyttet måtte forsone seg med at 2020 blei eit magert år.
- Dette året er det berre å sette ein strek over og byrje på nytt neste år, sa dagleg leiar for selskapa, Trond Ryslett, til NETT NO i fjor.
Les også
Publisert: 12.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 02.09.2021 07:58