Fincantieri kryp mot maalet i Vard
FRIST: Guiseppe Coronella, styreleiar i Vard og direktør i Fincantieri på Haramskonferansen i vinter. Fincantieri er snart i mål med å gjere Vard til eit heileigd datterselskap.
Nytt

Fincantieri kryp mot målet i Vard

Etter nesten to års forsøk på å ta over Vard fullt og heilt eig Fincantieri 95,85 prosent av aksjane.

12.10.2018
Mandag 15. oktober går fristen ut for å takke ja til bodet på 0,25 singaporedollar pr. aksje.
Etter å ha forlenga fristen fleire gongar varsla Fincantieri 19. september i år at 15. oktober er siste frist. Då hadde det børsnoterte italienske skipsbyggingsselskapet kontroll på 94,73 prosent av aksjane. Fincantieri har kjøpt små aksjepostar over børs fleire gongar etterpå, og eig no 95,85 prosent,
Bodet på Vard-aksjane verdset selskapet til rundt 1,7 milliardar kroner.

Får meir tid

Vard har tidlegare i år vedteke at selskapet skal strykast frå børsnotering på børsen i Singapore.
Fincantieri har også varsla at dei aksjonærane som ikkje har takka ja til bodet når fristen går ut likevel har rett til å selje aksjane til Fincantieri. Grunnen er at Fincantieri eig over 90 prosent av aksjane i Vard, noko som gir minoritetseigarane rett til å selje til same pris som dei som takka ja til bodet. Retten til å selje til den prisen gjeld til 7. desember.

Fincantieri har førebels ikkje varsla om selskapet vil nytte sin rett til å kjøpe ut aksjonærane som eventuelt ikkje vil selje.

Heileigd datterselskap

Fincantieri kom med det første bodet på Vard-aksjane i november 2016. Då eigde Fincantieri 55,63 prosent av Vard. Bodet har blitt forlenga og litt justert undervegs, samstundes som Fincantieri har kjøpt aksjar over børs.
Målet for Fincantieri er å gjere Vard til eit heileigd datterselskap, mellom anna for å spare kostnadar og sikre tilgang på finansiering.

Publisert: 12.10.2018 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26