Kystvaktdaap vard langsten nov 2022 mannskap foto Ogne
KONKURRERER: Vard har bygd dei tre nyaste Kystvaktskipa til Forsvaret og er med i konkurransen om å bygge inntil 28 nye standardiserte fartøy. I første omgang ventar Vard-eigar at selskapet får nye kontraktar i den sivile marknadene. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fincantieri ventar nye Vard-kontraktar

Ordreboka krympa for Vard i første kvartal.

11.05.2026

Med unntak av Vard Electro utgjer Vard forretningsområdet offshore- og spesialskip i det italienske Fincantieri-konsernet, som har lagt fram kvartalsrapporten for første kvartal 2026 i dag. Rapporten viser eit lita betring i lønsemda (sjå tabell), og ein markert nedgang i ordereinngangen i forretningsområdet offshore- og spesialskip samanlikna med første kvartal i 2025.

Fincantiereri  ventar imidertid nye oppdrag til Vard dei komande månadane, står det i kvartalsrapporten.

Stor på cruise
Fincantieri er ein av dei store cruiseskapsbyggjarane i verda, og bygger alt frå krigsskip til infrastruktur, konstruksjonar og anlegg på havbotnen.

Gjennom dotterselskapet Vard byggjer Fincantieri i hovudsak båtar til kabel- og rørlegging, i tillegg til olje-, gass- og vindkraftbransjen til havs.

Vard har hovudkontor og tre skipsverft på Nordvestlandet, og datterselskapa Vard Interiors, Vard Design, Vard Electro og Seaonics. I tillegg kjem verft i Vietnam, Romania og Brasil. 

Betra lønsemd i fjor
Lønsemda til Fincantieri vart kraftig betra frå 2024 til 2025.  Det vart den også i første kvartal i år samanlikna med første kvartal i fjor. 

Fincantieri trur óg på framgang i alle forretningsområda sine, og held fast ved at det er tre hovudårsaker til optimismen: 

  • Vekst og stor etterspørsel frå cruisemarknaden. 
  • Auka etterspørsel etter nye militære fartøy på grunn av krig og internasjonal uro.
  • Auka etterspørsel etter energi frå havet - både i form av olje og gass og vindkraft. 

Normalisering
Sjølv om Fincantieri ventar nye oppdrag til Vard snart, skriv selskapet og at marknaden for offshorefartøy blir normalisert etter ei periode med sterk vekst. 

På mellomlang sikt er det framleis solide etterspørselsvekst etter skip til vindkraftindustrien til havs. I tillegg kjem behov for skip til vedlikehald av infrastruktur på havboten og investeringsvekst i deler av offshoremarknaden. 

Skip som kan brukast i mange ulike oppdrag og marknadar vil det også vere aukande etterspørsel etter, trur Fincantieri. 

Fincantieri-konsernet  
1. kvartal. I mill. euro20262025
Driftsinntekt21352376
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)159154
   
Forretningsområde skipsbygging  
1.kvartal. I mill. euro20262025
Driftsinntekt15371828
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)115125
Ordreinngang315211519
Ordrebok3553733873
   
Forretningsområde offshore og spesialskip*  
1.kvartal.  Imill. euro20262025
Driftsinntekt360321
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)1816
Ordreinngang22104
Ordrebok18612140
   
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet.  

Publisert: 11.05.2026 15:16

Sist oppdatert: 11.05.2026 15:16

Mer om