Italienske Fincantieri er ein av dei store cruiseskapsbyggjarane i verda, og bygger alt frå krigsskip til infrastruktur, konstruksjonar og anlegg på havbotnen.
Gjennom dotterselskapet Vard byggjer Fincantieri i hovudsak båtar til kabel- og rørlegging, i tillegg til olje-, gass- og vindkraftbransjen til havs
Ferske tal frå konsernet viser at lønsemda Fincantieri vart kraftig betra frå 2024 til 2025. Fincantieri trur óg på framgang i alle forretningsområda sine.
- Sjå tabell under
Forrretningområdet offshore og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd .
Cruise, forsvar og energi
Årsaka til optimismen er den same som då selskapet la fram halvårsrapporten for første halvår 2025:
- Vekst og stor etterspørsel frå cruisemarknaden.
- Auka etterspørsel etter nye militære fartøy på grunn av krig og internasjonal uro.
- Auka etterspørsel etter energi frå havet - både i form av olje og gass og vindkraft.
Over 18 prosent vekst
Berre frå i fjor og fram til 2030 trur Fincantieri på ei auke i marknaden for forsvarsskip på over 18 prosent:
«Den noverande komplekse geopolitisk situasjonen driv fram ein gradvis aukande etterspurnad etter forsvarsmateriell. Dei globale forsvarsbudsjetta som vert løyvde av statar, er venta å overstiga 2,9 billionar USD i 2030 – ein auke på 18,6 prosent samanlikna med 2025 (om lag 2,5 billionar USD). Utgiftene til marineeiningar er venta å veksa i samsvar med denne utviklinga. På denne bakgrunnen har konsernet identifisert kommersielle moglegheiter i perioden 2026–2030 på over 56 milliardar euro, der om lag 23 milliardar euro har ein middels til høg sannsynlegheit for å bli realiserte», skriv selskapet i årsrapporten for 2025.
Konkurrerer om norske skip
Vard har tre verft på Nordvestlandet, i Søvika, Brattvåg og Tomrefjord. Verftet i Tomrefjord (Vard Langsten) har nyleg levert tre kystvaktskip til det norske forsvaret, og er Vard-konsernet sin spesialist på slike fartøy.
Vard har varsla at dei skal vere med i konkurransen om å bygge inntil 28 nye standardiserte fartøy til Sjøforsvaret.
Fincantieri var også eit av konkurrentane til å levere dei nye fregattane til forsvaret, men måte gi tapt for britiske BAE Systems.
| Fincantieri-konsernet | ||
| Tal i mill. Euro | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 9194 | 8128 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 681 | 509 |
| Driftsresultat | 368 | 246 |
| Resultat etter skatt | 117 | 27 |
| Forretningsområde skipsbygging | ||
| Tal i mill. Euro | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 6592 | 5729 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 451 | 349 |
| Ordreinngang | 17773 | 12517 |
| Ordrebok | 43402 | 33757 |
| Forretningsområde offshore og spesialskip* | ||
| Tal imill. Euro | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1356 | 1382 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 72 | 71 |
| Ordreinngang | 1291 | 1559 |
| Ordrebok | 3598 | 3390 |
| * Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. |
Les også
Til hausten startar konkurransen om å få bygge inntil 28 nye skip til forsvaret.
Fullfører ikkje fregatt-progammet som USA ville ha Noreg med på.
Publisert: 25.03.2026 15:02
Sist oppdatert: 11.05.2026 14:17






