Img 3750 1
TIL TOPPS: F.v.: Tommy André Steinnes Slyngstad og Henrik Vestnes Berge (automatisering), Jakob Cummins (sveisefaget) og Ane Rovde (industrimekanikarfaget). Foto: Norsk Industri
Nytt

Fire noregsmeistrar frå Møre og Romsdal

Tok førsteplassen i alle tre yrkesfaga det blei konkurrert i.

12.02.2026

Det blei fullt hus for Møre og Romsdal i NM i yrkesfag for lærlingar og unge fagarbeidarar på Kongsberg i dag.

Tommy André Steinnes Slyngstad og Henrik Vestnes Berge stilte som eit lag, og gjekk til topps i konkurransen om å bli beste automatikarar i landet.

Begge er utdanna ved Borgund Videregående skole og arbeider i dag i høvesvis i Viddal Automation  og Solwr, der dei også hadde læretida si.

Ane Rovde i Finnøy Gear & Propeller er kåra til Noregsmeister i industrimekanikarfaget.

Jakob Cummins er Norgesmeister i sveisefag, og Selma Marie Lerstad tok andreplassen i konkurransen. Begge to arbeider hos Vard Søviknes.

Publisert: 12.02.2026 16:17

Sist oppdatert: 13.02.2026 09:38

Mer om