NPK-NTB-Anders R. Christensen: Fire nye personar blant mannskapet på hurtigruteskipet Roald Amundsen har testa positivt på koronaviruset. Resten av prøvesvara var negative.
Til saman har 41 personar blant mannskapet no testa positivt, opplyser Tromsø kommune torsdag kveld.
Ein person skal testast på nytt fredag. Mannskapet på hurtigruteskipet vart testa på nytt onsdag etter mistanke om ny smitte.
– Det er ikkje overraskande at vi no får positive prøver. Det tek tid frå ein er smitta til ein utviklar symptom, det er derfor vi praktiserer ti dagar karantene, seier kommuneoverlege Kathrine Kristoffersen i Tromsø.
- Det var òg personar som var i karantene, som hadde symptom som gav mistanke om covid-19. Det enda med at vi vedtok at alle om bord skulle testast på nytt av dei som ikkje hadde positive prøver frå før, sa Kristoffersen tidlegare torsdag.
Kristoffersen seier samtidig at Tromsø kommune har overteke det medisinske ansvaret for mannskapet om bord. Dermed er dei to legane på MS Roald Amundsen fritekne frå oppgåvene sine og isolert på lugarane sine.
– Det kan sikkert opplevast som dramatisk for dei. Vi har ikkje fått til det samarbeidet som er nødvendig for forsvarleg ivaretaking av besetninga om bord, seier Kristoffersen, og held fram:
– Det har vore vanskeleg å få på plass klare avtalar for kva rutinar vi skal ha for klinisk observasjon av besetninga om bord.
– Det har vore ei utvikling på desse dagane. Det starta med eit vanskeleg samarbeid, og det har vore uklart kven vi kunne stelle oss til som hadde moglegheit til å gjennomføre tinga vi var samde om. Vi har etter kvart komme i kontakt med personar i leiinga, og per i dag har vi tillit til dei vi samarbeider med, seier kommuneoverlegen.
– Etter inspeksjonen onsdag ettermiddag, kom kommunen med to konkrete tilbakemeldingar. At smittevernet fungerte godt, men at dei ønskte endringar i organisering av det medisinske arbeidet om bord. Dette vart umiddelbart følgt opp av Hurtigruten onsdag ettermiddag, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten til NTB.
Torsdag opplyser Universitetssjukehuset Nord-Noreg at i alt fire besetningsmedlemmer og éin passasjer som har vore om bord på skipet, er innlagd med covid-19.
Politiet har starta etterforsking av Hurtigrutens handtering av smitteutbrotet på skipet.
– Troms politidistrikt er no i gang med avhøyr av mannskap og andre personar knytt til Hurtigruten. Vi kan ikkje kommentere innhald frå avhøyr då etterforskinga førebels er på eit tidleg stadium, seier påtaleansvarleg Lisa-Mari Ellingsen i Troms politidistrikt i ei pressemelding torsdag.
Torsdag byrja òg testinga av mannskap og passasjerar på hurtigruteskipet MS Spitsbergen i Tromsø. Det er òg gjennomført testing av passasjerar og mannskap på MS Fridtjof Nansen.
Til saman har 41 personar blant mannskapet no testa positivt, opplyser Tromsø kommune torsdag kveld.
Ein person skal testast på nytt fredag. Mannskapet på hurtigruteskipet vart testa på nytt onsdag etter mistanke om ny smitte.
– Det er ikkje overraskande at vi no får positive prøver. Det tek tid frå ein er smitta til ein utviklar symptom, det er derfor vi praktiserer ti dagar karantene, seier kommuneoverlege Kathrine Kristoffersen i Tromsø.
Isolerte på lugarane
– Alle dei isolerte på skipet vart undersøkte på nytt i går. Fleire av desse var isolerte fordi dei hadde delt lugar med andre som var stadfesta smitta tidlegare, og mange av desse utviste symptom på covid-19.- Det var òg personar som var i karantene, som hadde symptom som gav mistanke om covid-19. Det enda med at vi vedtok at alle om bord skulle testast på nytt av dei som ikkje hadde positive prøver frå før, sa Kristoffersen tidlegare torsdag.
Overtar medisinsk ansvar
Kristoffersen seier samtidig at Tromsø kommune har overteke det medisinske ansvaret for mannskapet om bord. Dermed er dei to legane på MS Roald Amundsen fritekne frå oppgåvene sine og isolert på lugarane sine.
– Det kan sikkert opplevast som dramatisk for dei. Vi har ikkje fått til det samarbeidet som er nødvendig for forsvarleg ivaretaking av besetninga om bord, seier Kristoffersen, og held fram:
– Det har vore vanskeleg å få på plass klare avtalar for kva rutinar vi skal ha for klinisk observasjon av besetninga om bord.
Meiner samarbeidet var vanskeleg
Kristoffersen meiner òg at samarbeidet med Hurtigruten var vanskeleg den første tida etter at MS Roald Amundsen la til kai i Tromsø natt til fredag førre veke.– Det har vore ei utvikling på desse dagane. Det starta med eit vanskeleg samarbeid, og det har vore uklart kven vi kunne stelle oss til som hadde moglegheit til å gjennomføre tinga vi var samde om. Vi har etter kvart komme i kontakt med personar i leiinga, og per i dag har vi tillit til dei vi samarbeider med, seier kommuneoverlegen.
Fleire inspeksjonar
Hurtigruten opplyser at kommunen har vore på fleire inspeksjonar om bord i samarbeid med selskapet.– Etter inspeksjonen onsdag ettermiddag, kom kommunen med to konkrete tilbakemeldingar. At smittevernet fungerte godt, men at dei ønskte endringar i organisering av det medisinske arbeidet om bord. Dette vart umiddelbart følgt opp av Hurtigruten onsdag ettermiddag, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten til NTB.
Fem innlagde på sjukehus
Det var førre veke at smitteutbrotet på Hurtigrutens ekspedisjonsskip Roald Amundsen vart kjent. Onsdag var 37 av mannskapet og 16 av passasjerane som var om bord på to seglasar med skipet mellom 17. og 31. juli, stadfesta smitta av covid-19, ifølgje Folkehelseinstituttet.Torsdag opplyser Universitetssjukehuset Nord-Noreg at i alt fire besetningsmedlemmer og éin passasjer som har vore om bord på skipet, er innlagd med covid-19.
Politiet har starta etterforsking av Hurtigrutens handtering av smitteutbrotet på skipet.
– Troms politidistrikt er no i gang med avhøyr av mannskap og andre personar knytt til Hurtigruten. Vi kan ikkje kommentere innhald frå avhøyr då etterforskinga førebels er på eit tidleg stadium, seier påtaleansvarleg Lisa-Mari Ellingsen i Troms politidistrikt i ei pressemelding torsdag.
Torsdag byrja òg testinga av mannskap og passasjerar på hurtigruteskipet MS Spitsbergen i Tromsø. Det er òg gjennomført testing av passasjerar og mannskap på MS Fridtjof Nansen.
Det har vore vanskeleg å få på plass klare avtalar for kva rutinar vi skal ha for klinisk observasjon av besetninga om bord
Publisert: 06.08.2020 18:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00