Fire aar etter at kommunen selde er ingenting bygt
GOD PLASS: Litt av det ledige næringsarealet aust for Stryn sentrum. I bakgrunnen anlegget til bilforhandlar Toyota Nordfjord og Førde, som opna tidlegare i år.
Nytt

Fire år etter at kommunen selde er ingenting bygt

I 2015 blei 16 mål næringsareal på Rise, knappe to kilometer aust for Stryn sentrum, overdratt frå kommunen til to private selskap, med same eigarar. Enno er ikkje noko bygd der.

03.12.2019
Næringsarealet er regulert til mellom anna storhandelsbedrifter og liknande som krev meir plass enn det som passar i eit etablert tettbygd sentrum.
Ei tredje tomt på Rise blei kjøpt av Toyota Nordfjord og Førde i 2015, som opna butikk der tidlegare i år.
Stryn-avdelinga til Toyota Nordfjord & Førde held tidlegare til like vest for Stryn sentrum og selskapet har sett eit klart oppsving i salet etter flyttinga, i følgje dagleg leiar Ørjan Solvang.

Treng meir plass

Stryn kommune er i gang med ein ny områdeplan for sentrum og sentrumsnære område, mellom anna på grunn av etterspørsel etter område for plasskrevande handel. Målet er å ha planen på bordet før sommarferien 2020.

Samstundes som kommunen er i gang med arbeidet har den altså hatt ein unytta regulert område tilgjengeleg i fleire år.

Avtale om sal for seks år sidan

Nabolaget til bilforretninga på Rise er planert, men tomt, med unntak av litt utstyr for byggebransjen her og der.
Rise Næring as og Rise Næringspark as betalte i overkant av 1,4 millionar kroner for kvar tomt i følgje grunnboka.
Avtalen om sal vart gjort 2013, men overdraginga skjedde seinare, etter at området var opparbeidd og anleggsbidraget klart, i følgje plan- og næringssjef Gunnar Dvergsdal.
Rise Næring as og Rise Næringstomt as er eigd av Lars Lindvik as (43,4 prosent) , Stryn Eigedom as (43,4 prosent) og Kristian Sandbakk 13,2 prosent. Lars Lindvik as er eigd av Jarle Willy Lindvik, Stryn Eigedom as er eigd av Asbjørn Fure og Anita Vinsrygg i følgje proff.no.

Fleire kandidatar

Jarle Lindvik skriv i ein epost til NETT NO at han kjøpte seg inn i selskapet i juli 2015. Nokre av dei tidlegare eigarane selde seg ut, andre blei med vidare.
I følgje Lindvik er det fleire kandidatar til å ta området i bruk.
"Vi er i dialog med fleire, men kan ikkje gå ut med namn", skriv han om status for området i dag.
NETT NO: "Korleis ligg de an med omsyn til etableringar på eigedomen i høve til forventninga dykkar då de tok over?"
Lindvik: "Vi gjekk inn i dette med eit langsiktig perspektiv med ønske om å få tilført nye selskap/næringsdrivande til Stryn. Vi har ikkje endra oppfatning enda."

Krev gjenkjøpsrett

Kommunen selde næringsarealet på Rise utan klausular om byggefrist eller gjenkjøpsrett.
No er det blitt standardkrav frå kommunen.
- For alle areal vi sel i dag legg vi inn ein klausul om at det må takast i bruk innan ein viss frist, seier plan- og næringssjef Gunnar Dvergsdal i kommunen.
Avtalane har og ein klausul om gjenkjøpsrett til sjølvkost for kommunen dersom ikkje området blir tatt i bruk innan fristen.

Har tapt terreng

Medan Nordfjordeid har hatt ein stor vekst som handelssenter, har Stryn tapt terreng dei siste åra.
Nordfjordeid har hatt ein auke på nesten 30 prosent i handel pr. innbyggjar dei siste åra. Berre Skodje ( pluss 122 prosent) og Hornindal (32 prosent) har hatt større handelsauke i åra 2013-2018.
I Stryn er veksten 4,1 prosent og det plasserer kommunen som den tredje svakaste på Nordvestlandet den siste femårsperioden.

Publisert: 03.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45