Fiskarane haavar inn
OVER 25 PROSENT: Fiskeflåten på Nordvestlandet hadde eit resultat før skatt i prosent av driftsinntektene på over 25 prosent både i 2017 og 2018. Slik blir det milliardoverskot av. Biletet viser fiskebåtar ved kai i Ålesund i 2015. 
Nytt

Fiskarane håvar inn

3,4 milliardar kroner. Det er overskotet for fiskebåtreiarane på Sunnmøre og i Nordfjord dei to siste åra.

29.10.2019

Utsiktene for 2019 og 2020 er minst like gode som resultatet i 2018 og 2017.

- For pelagisk blir det eit kanonår, sannsynlegvis betre enn i 2011 - som var eit rekordår, seier Ola Øvrelid, leiar for utlån til fiskerinæringa i Sparebank 1 SMN.

- Kan bli nytt rekordår neste år, seier sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea om utsiktene for fisket etter torsk, sei og hyse.

3,4 milliardar kroner er mykje pengar, men det som fortel meir om lønsemda er at fiskebåtreiarlaga både i 2018 og 2017 sat att med eit overskot før skatt på over 25 prosent av driftsinntektene.

Ikkje bekymra over gjelda
Korkje Øvrelid eller Egeness er bekymra over gjelda i fiskebåtreiarlaga.

- Dei legg dei stort sett på lad, byggjer likviditet eller betalar gjeld, seier Øvrelid om kva overskota blir brukte til i tillegg til å finansiere nybygg og kjøp av kvotar.

Valutagevinst
I tillegg til store kvotar og gode prisar har fiskarane blitt velsigna med - for dei og andre eksportnæringar - ei gunstig valutakursutvikling. Det er gjort at dei har fått meir i lommeboka sjølv om kundane i utlandet ikkje betaler tilsvarande meir for fisken.

Valutakursutviklinga har vore gunstig i fleire år, og har blitt enda gunstigare i år både for pund, euro og amerikanske dollar, som er dei viktigaste valutane.

Samanlikna med for fem år sidan har den norske krona svekka seg mot euro med 20,5 prosent. Samanlika med for 12 månader sidan har den svekka seg med 6,2 prosent mot dollar, 6,9 prosent mot pund og 2,8 prosent mot euro.

- Krona held fram med å svekke seg og det er i all hovudsak fiskeflåten som stikk av den gevinsten, seier Egeness.

Strid om kvotepolitikk
Onsdag og torsdag denne veka samlast Norges Fiskarlag til årsmøte. Der er hovudtema Regjeringa sitt framlegg til endring i korleis fiskekvotane - retten til å fiske - skal fordelast mellom fiskarane.

Norges Fiskarlag er ein paraplyorganisasjon for store og små fiskerbåtreiarar. Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, har allereie tatt stilling til kvotemeldinga, og er spesielt kritisk til innføring av ein såkalla kvotebank der staten dreg inn ein del av kvotane når fleire kvotar blir samla på færre farty.

For pelagisk blir det eit kanonår, sannsynlegvis betre enn i 2011

Publisert: 29.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 16.09.2023 15:02