Audun Maråk 1
MANGLAR ALTERNATIV: Per i dag manglar fiskeflåten alternativ til diesel, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fiskebåt fryktar klimapolitikk-tap

Redd norske avgifter gjer at utanlandske fiskarar tek over.

09.10.2023

Det er spesielt rekefisket i Barentshavet bransje- og arbeidsgivarorgansisasjonen Fiskebåt er redd norske fiskarar skal bli pressa ut av.

Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.

Slik Fiskebåt tolkar signala i Regjeringa sin klimaplan vil CO2-avgiftene for å fiske også bli gjeldane også utanfor norsk økonomisk. Det er ei avgift som blir lagt på drivstoffprisen, men som inntil no ikkje gjeld utanfor norsk økonomisk sone.

Ei dramatisk melding spesielt for reketrålflåten, skriv Fiskebåt i ei pressemelding.

Taper konkurransen
Administerande direktør Audun Maråk seier norske trålarar som fiskar etter reke i Barentshavet nord for norsk økonomisk sone vil få ein konkurranseulempe samanlikna med utanlandske konkurrentar. Utanlandske fartøy kan fiske i same område, men er ikkje pålagt slik avgift.

- Vi fryktar at regjeringa no er på veg inn på eit spor som gjer at vi fiskar mindre, seier han.

Maråk argumenterer med at fiske gir mat som gir relativt mindre CO2-utslepp enn andre proteinkjelder, sjølv om fiskebåtane går på diesel.

1,8 milliardar
Pressemeldinga frå Fiskebåt er sendt i samband med at organisasjonen i morgon skal vere med på eit møte med regjeringa om eit samarbeid gjennom ei såkalla klimapartskap-avtale. Poenget med eit slikt samarbeid er å ha innverknad på utvikling av metodar og krav for å redusere CO2-utslepp.

Pressemeldinga er knytta opp til den geografiske omfanget av CO2-avgift for fiskeflåten.

CO2-avgifta og den planlagte auken av den vil uansett vege tungt i rekneskapa til fiskebåtreiarlaga framover.

I 2030 vil den utgjere til saman 1,8 milliardar kroner for fiskeflåten, ifølge assisterende direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt.

I fjor var den på omlag 600 millioner kroner brutto og omlag 250 millioner netto - etter at deler av avgiften er tilbakebetalt gjennom en såkalt kompensasjonsordning.

Publisert: 09.10.2023 11:24

Sist oppdatert: 09.10.2023 11:25