Stig Bjørkedal admdir Cflow på Nor Fishing 2022 foto Ogne
VIKTIG KONTRAKT: 16 fiskebåtar Karstensens Skibsværft byggjer får utstyr frå Cflow. Ei viktig kontrakt, seier administrerande direktør Stig Bjørkedal.
Nytt

Fiskebåt-oppdrag til 2025

Kontraktane Cflow i Langevåg sikra seg med danske Karstensens Skibsværft gir arbeid til ut i 2025.

15.09.2022

I alt 16 fiskebåtar for pelagisk fiske som Karstensens Skibsværft byggjer for norske, islandske, færøyiske og britiske reiarar blir utstyrt med pumper og røranlegg frå Cflow.

Eitt oppdrag er levert, tre andre er i arbeid og resten skal på plass etterkvart som skipa blir bygd, med siste levering i 2025, ifølgje Cflow.

Det er først og fremst pumper og rørsystem for lossing av fangsten det handlar om. Til saman er det snakk om kontraktar for 85-90 millionar kroner, ifølgje selskapet.

Håpar på meir
- Veldig viktig, seier administrerande direktør Stig Bjørkedal om kva avtalane med Karstensen Skibsværft betyr for Cflow.

I tillegg til inntektene frå salet av nytt utstyr utvidar kontraktane også ettermarknaden for Cflow, der utstyret skal inspiserast, vedlikehaldast og eventuelt reparerast.

I neste omgang er håpet for Cflow at selskapet skal få oppdrag også på komande nybygg-kontraktar med Karstensen Skibsværft.

God ordreinngang
Cflow har hatt god ordreinngang i år, sa Stig Bjørkedal til NETT NO i august i år.

- Vi har sikra oss arbeid inn i neste år, med leveransar inn i 2024. Dette er kontraktar både innanfor brønnbåt og fiskeri. Vi er også no i sluttfasen på eit landbasert oppdrettsanlegg, der vi leverer konseptprosjekteringa for heile anlegget, sa Bjørkedal.

Publisert: 15.09.2022 10:14

Sist oppdatert: 15.09.2022 21:26

Mer om