Audun Marak arsmote fiskebat vest 2025 foto Ogne
SNAKKAR SAMAN: Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt fortel at organisasjonen vil snakke med Sør-Norges Fiskarlag, den andre av tre underorganisasjonar i Norges Fiskarlag-. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fiskebåt vil forhandle med Sør-Norges Fiskarlag

Sør-Norges Fiskarlag vil drive Norges Fiskarlag saman med Fiskebåt.

05.12.2025

Sør Norges Fiskarlag har sendt eit brev med framlegg til vegen vidare for Norges Fiskarlag etter at Fiskebåt melde seg ut under landsmøtet til Norges Fiskarlag i november i år. 

Bakgrunnen for utmeldinga er ein langvarig strid om fordeling av fiskekvotar, der Fiskebåt og Sør-Norges Fiskarlag har stått mot Nord Fiskarlag.

Utmeldinga vil gjelde frå november 2027, når Norges Fiskarlag skal ha landsmøte neste gang.

Etter det Nett No erfarer er brevet sendt til Norges Fiskarlag. Brevet er også sendt til Fiskebåt og Nord Fiskarlag, som saman med Sør Norges Fiskarlag har vore dei tre underorganisasjonane i Norges Fiskarlag.

Vil drive vidare sjølv
Sør Norges Fiskarlag varsla alt i fjor haust at laget ikkje ville bli verande åleine att i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag dersom Fiskebåt skulle gå ut. Den bodskapet gjentok Sør Norges Fiskarlag på landsmøtet  i førre månad. 

Sør Norges Fiskarlag meiner det laget har rett til å driver Norges Fiskarlag vidare, og vil gjere det saman med Fiskebåt og med medlemer frå Nord-Noreg som ønskjer å vere med.

Sør Norges Fiskarlag er også alternativet Fiskebåt ser på i første omgang.

Positive til Sør Norges Fiskarlag-forsalg
– Vi skal ta den runder som Sør Norges Fiskarlag har invitert til og det skal vi gjere veldig raskt, sa administrande direktør Audun Maråk i Fiskebåt om Sør Norges Fiskarlag då han orienterte om utmeldingsprosessen på årsmøtet til Fiskebåt Vest i Ålesund i dag. 

Maråk seier til Nett No er målet er ei avklaring om utmeldingsprosessen innan Fiskebåt sitt årsmøte i februar 2026. 

Publisert: 05.12.2025 15:44

Sist oppdatert: 05.12.2025 15:44