Janita Arhaug foto privat
KAN OVERTA: Dersom det ikkje blir semje mellom dei tre underorganisasjonane i Norges Fiskarlag meiner dagleg leiar Janita Arhaug i Sør-Norges Fiskarlag at laget har rett til å drive Norges Fiskarlag saman med Fiskebåt, saman med dagens medlemar i Nord Fiskarlag som eventuelt vil vere med. Foto: Privat-
Nytt

Set press på Nord Fiskarlag

Sør-Norges Fiskarlag vil ikkje halde fram i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag, dersom Fiskebåt melder seg ut.

18.11.2024

Etter at styret i bransje- og interesseorganisasjonen Fiskebåt vedtok å tilrå utmelding av paraplyorganisasjonen Fiskebåt samla Sør-Norges Fiskarlag alle lokallagsmedlemane til teamsmøte, og sende også ut ei spørmål til alle  om kva laget skulle gjere no.

Resultatet vart eit brev til Norges Fiskarlag, med mål om å sette press på den tredje parten under Norges Fiskarlag-paraplyen, Nord Fiskarlag, om å fire i striden for å få Fiskebåt til å bli verande.

-Vi ønskjer å tydeleggjere for Nord Fiskarlag at å stå åleine i Norges Fiskarlag, saman med den, det er ikkje aktuelt. Det seier dagleg leiar Janita Arhaug i Sør-Norges Fiskarlag.

Det var avisa Kyst og Fjord som skreiv om brevet først.

Strid om makt og politikk
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, og er per i dag ein av tre organisasjonar som utgjer Norges Fiskarlag. 

Fiskebåt krev at dei tre organisasjonane skal vere likt representert i dei styrande organa i Norges Fiskarlag og at det må til eit kvalifisert fleirtal dersom om Norges Fiskarlag skulle ønskje å endre fordelinga av fiskekvotar mellom ulike flåtegrupper.

Dei krava blei klart avvist av årsmøtet i Nord Fiskarlag i oktober. Nord Fiskarlag har over ein tredjepart av representantane i styrande organ og kan dermed hindre vedtak som dei to andre organisasjonen, Fiskebåt og Sør-Norges Fiskarlag ønskjer å gjere.

Fiskebåt-styret svara med råd om at organisasjonen vedtek utmelding på årsmøtet i februar i år.

Har rett til å drive Norges Fiskarlag
Janita Arhaug seier til Nett No at slik situasjonen er meiner Sør-Norges Fiskarlag at det er Sør-Norges Fiskarlag, saman med Fiskebåt, som har rett til å drive Norges Fiskarlag vidare - saman med medlemer i Nord Fiskarlag som ønskje å vere i ein samlande organisasjon.

Det skriv Sør-Norges Fiskarlag også i brevet som er sendt til Norges Fiskarlag.

Årsmøtet til Sør-Norges Fiskarlag vart halde i Ålesund torsdag 31. oktober og fredag 1. november i år, før styret i Fiskebåt vedtok å tilrå utmelding av Norges Fiskarlag.

Då årsmøtet gjekk av stabelen sat styreleiar Terje Eriksen i Sør-Norges Fiskarlag at organisasjonen ikkje hadde nokon Plan B for kva den vil gjere dersom Fiskebåt går ut av Norges Fiskarlag.

Publisert: 18.11.2024 16:15

Sist oppdatert: 18.11.2024 16:17