Fiskebaatreiarane vel utlandet
POPULÆRT: Tyrkiske verft har opparbeidd seg ein god posisjon hos norske fiskebåtreiarar. Biletet er frå Cemre-verftet i Tyrkia.
Nytt

Fiskebåtreiarane vel utlandet

Dei største fiskebåtreiarane byggjer heller i utlandet enn ved norske verft. To av tre kontraktar går utanlands.

14.02.2018
Oddgeir Refvik har utarbeidd ei oversikt for NETT NO over fiskefarty som er leverte, er under bygging eller i ordre sidan 1. januar 2015. Refvik er mellom anna samarbeidspartnar for Maritimt Magasin, som publiserer månadlege oversikter over ordresituasjonen ved norske verft, og dagleg leiar i Norsk Skipsfarts Forum.
Oversikta viser at det er inngått 12 større fiskebåtar-kontraktar på norske verft, mot 25 i utlandet.

Danmark og Tyrkia (ni skip kvar) er dei mest populære utanlandske landa å bygge i, men norske reiarar har til og med kontrahert ved verft i Bangladesh.

Politisk tyngde i fare

Då Tore Roaldsnes gjekk av som styreleiar i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt i 2015, sa han at eitt av måla som ikkje var nådd i hans styreleiarperiode var å auke andel norske fiskebåtar som blei bygde ved norske verft.
Om det held fram slik, frykta han at fiskebåtreiarane si politiske gjennomslagskraft blir svekka.

Tre til Tyrkia

I går blei det kjent at Ålesund-reiarlaget Atlantic Longline skal få bygt eit nytt skip hos Tersan Shipyard i Tyrkia. Rett før jul plasserte Ervik Havfiske oppdraget med å bygge to linefarty ved same verft.


Mindre båtar til Noreg

Når det gjeld mindre fiskebåtar, frå 15 meter og kortare, blir praktisk talt alle bygde ved norske verft og båtbyggeri. Omlag 45 slike båtar som er kontraherte i Noreg er det på lista.
Berre fire mindre fiskebåtar er bestilte i utlandet.

Publisert: 14.02.2018 10:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18