NPK-NTB: Noreg og Storbritannia vart tysdag samde om ein fiskeriavtale som mellom anna omfattar gjensidig tilgang til farvatna til motparten og byte av kvotar.
– Eg er fornøgd med at avtalen med Storbritannia er på plass, han gir norske fiskarar føreseielege forhold. Framover vil vi halde fram med å utvikle samarbeidet med Storbritannia, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.
I avtalen er landa samde om gjensidig tilgang til å fiske botnfisk i farvatna til motparten. Avtalen er forma ut slik at partane har tilgang til å fiske opp til 30.000 tonn botnfisk i sona til den andre parten i 2022.
Det vart også avtalt tilgang for Noreg til å fiske 17.000 tonn nordsjøsild i den britiske sona. I tillegg til samlekvoten på 30.000 tonn i den britiske sona i Nordsjøen har Noreg også bytt til seg mellom anna 187 tonn torsk i NAFO (Vest-Atlanteren) og 600 tonn blåkveite i den britiske sona også utanom Nordsjøen.
Ikkje fornøgd med balansen
Leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag er tilfreds med at Noreg har inngått ein fiskeriavtale med Storbritannia for 2022, men er ikkje fornøgd med balansen i avtalen.
– Det er oppnådd ei rimeleg gjensidig løysing for flåten som fiskar kvitfisk i sonene til motparten, men rammene for den pelagiske flåten er vi ikkje fornøgde med, seier Heggebø.
Heggebø påpeikar mellom anna at norske fartøy framleis har sterkt avgrensa tilgang til å kunne fiske nordsjøsild i den britiske sona.
Ønskjer forbetringar
Etter tidlegare avtalar kunne norske fiskarar ta opp inntil 60.000 tonn sild i den britiske sona, medan det no er sett ei ramme på 17.000 tonn. Dette er så sett i samanheng med at britiske fartøy kan fiske eit tilsvarande kvantum norsk vårgytande sild i den norske sona.
– Det er derfor viktig å jobbe med å få til forbetringar i fiskemoglegheitene for den pelagiske flåten, seier Heggebø.
Publisert: 22.12.2021 08:05
Sist oppdatert: 22.12.2021 08:09