Fiskevegn
FLATRAKET: Fiskevegn på Flatraket er storleverandør til lineflåten. Selskapet hadde eit godt år i fjor, og utsiktene er gode. Foto: Fiskevegn
Nytt

Har stor tru på framtida

Fiskevegn har redusert omsetning så langt i år, men leiinga har god tru på framtida.

06.07.2021

Fiskevegnprodusenten Fiskevegn på Flatraket hadde eitt av sine beste år i fjor. Konsernet omsette for 115,9 millionar kroner, opp frå 106,0 millionar året før.

Resultatet før skatt enda på 15,7 millionar kroner, ein auke på 2,3 millionar kroner.

Leiinga har stor tru på framtida, sjølv om omsetninga hittil i år er lavare enn på same tid i fjor.

Selskapet har også hatt permitteringar, men leiinga skriv i årsrapporten at det skal setjast i verk tiltak som vil betre resultatet framover.

(saka held fram etter tabellen)

Fiskevegn (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 115,9 106
Driftsresultat 10,4 11,6
Resultat før skatt 15,7 13,4

Pluss i Latvia
Ved årsskiftet hadde Fiskevegn 41 årsverk, der 36 arbeidde på Flatraket.

Selskapet har også butikk og lager i Ålesund, i tillegg til å eige 50 prosent av Sla Magistr Fiskevegn Group i Latvia. Dette selskapet hadde eit resultat på 1,33 millionar kroner i fjor.

Fiskevegn står også bak selskapet Best Fishing Gear, som i fjor omsette for 10,6 millionar, og gjekk så vidt i pluss.

Linebåtar
Fiskevegn er spesielt store på sal av tau, krokar, forsyn og anna utstyr til lineflåten. 79,1 millionar kroner av salet i fjor skjedde til lineflåten, medan det vart seld garn for 8,6 millionar.

75,2 millionar korner av salet skjedde til fiskefartøy i Norge, Sverige og Danmark.

Fiskevegn har 72,2 millionar i samla eigenkapital, og ei langsiktig gjeld på 8.0 millionar.

God økonomi
Leiinga skriv i årsmeldinga at koronaepidemien kan påvirke varetilgang og etterspørsel, men der ein samstundes viser til at selskapet er i ei god finansiell stilling og vil kunne klare seg bra.

Helge Solheim og familien eig 50 prosent av Fiskevegn, medan Mustad Sealine eig den andre halvparten.

Eigarane kunne for fjoråret ta seg ut fire millionar kroner i utbyte.

Publisert: 06.07.2021 09:00

Sist oppdatert: 06.07.2021 06:46

Mer om