Garn foto fiskeridirektoratet 11
«GOD» FANGST: Over 1.000 garn blei fjerna frå havområde langs kysten av Noreg i oppreinskingstokta frå Fiskeridirektoratet i år. Foto: Fiskeridirektoratet
Nytt

Fjerna over 1.000 garn

Høgaste talet på ti år for oppreinskingstokt. Har også fjerna kilometervis med line og tauverk.

07.10.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Over 1.000 garn og ei mengd fiskereiskapar er fjerna frå havbotnen under oppreinskingstokta i år, opplyser Fiskeridirektoratet.

– Dette er det høgaste talet garn som er teke opp på ti år. Også for line er mengda større enn på svært lang tid, seier toktleiar Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet.

Flest garn frå blåkveitefiske
Oppreinskingstokta varte frå 23. august til 6. oktober og har dekt kysten og nære havområde mellom Ålesund og Kirkenes.

Totalt er det fjerna 1.029 garn, 78.500 meter line, 15.000 meter tauverk, 82 teiner og dessutan mengder av vak og anker. Totalt er det òg teke opp 3.000 meter med dumpa trålvaier, som ofte er grunnlag for tap av reiskap i linefiske.

Gjenståande garn frå blåkveitefiske utgjer den største delen av spøkelsesfiske.

Fann fire håbrannar og ein sjøfugl
Bortsett fra fire håbrannar og ein sjøfugl, er det ikkje registrert artar som er rødlista, eller sjøpattedyr i reiskapane som blei fjerna frå havbotnen.

– Samarbeid med fiskarane har som vanleg vore godt under oppreinskinga, sjølv om det har vore utfordrande å løyse kombinasjonen av sein stopp i blåkveitefiske, og sein tids- og områderegulering i kongekrabbefisket, legg Langedal til.

Opprensking etter snøkrabbefisket blei ikkje gjort i år.

Publisert: 07.10.2021 11:33

Sist oppdatert: 07.10.2021 11:44

Mer om