Fjernvarme pluss innan fem aar
LANGSIKTIG: Fjernvarmanlegget i Ulstein startar med tre kundar og har to til på handa. Fullt utbygd er målet å forsyne kundar i sentrumområdet fraå15 sentralar.
Nytt

Fjernvarme-pluss innan fem år

Plussresultat innan fem år er målet for det nye fjernvarmeanlegget i Ulstein. Ser etter investorar.

17.11.2015
- Eg trur vi vil vere berekraftige innan fire-fem år seier dagleg leiar Øyvind Amdam i Ulstein Fjernvarme.
Storparten av investeringa på 70-80 millionar kroner i anlegget er allereie gjort. Det betyr også at mykje av kostnadane er på plass, slik at kvar kunde Amdam greier å hanke inn vil hjelpe på situasjonen.

Selskapet Fjordvarme, som driv fjernvarmeanlegg på Nordfjordeid, har gått i pluss dei tre siste åra, men gjekk i minus i seks av sine første åtte år.

Varme opp badeland

Pr. i dag har Amdam tre kundar, og vil også få Ulstein sitt nye badeanlegg og eit nytt bustadfelt som kunde straks dei er klare. Med til saman sju-åtte kundar på plass ventar Amdam at selskapet når balanse i drifta.
I dag er det kommunen som eig både anlegg og fjernvarmeanlegget. Kommunen har vedtak om at den ønskjer andre investorar inn i selskapet, men arbeidet med å finne investorar har vore lagt på is i planlegging og utbyggingsperioden, i følgje styreleiar Erik Andreassen.
No blir arbeidet teke opp att, men Andreassen er klart på at eventuelle nye investorar må ha eit langsiktig perpektiv og eit snev av idealisme med sans for eit samfunnprosjekt for å gjere Ulsteinsamfunnet grønare.
- Ein må vere viljug til å sjå fem-ti år fram i tid, seier han.

Plattform for vekst

For dagleg leiar Stephan ter Stege i ReNorway er fjermvarmeanlegget i Ulstein det første større prosjektet ReNorway på Nordfjordeid har utvikla.
ReNorway har spesialisert seg på fjernvarmeanlegg.
Mellom eigarane er lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy.

Døropnar

Ulstein-anlegget har vore ein døropnar inn i marknaden i følgje ter Stege.
- Vi har eit stort prosjekt på gang i 2016, og det blir enda større enn det vi har her, seier han.
ReNorway er leverandør av fjernvarmesystem og ”plug & play”-energisentralar. Systema produserer fornybar varme og kjøling ved å bruke energien i vatn - både sjø- og ferskvatn eller andre fornybare energikjelder. Føremålet er å spare energikostnader og samstundes møte krav om bruk av fornybar energi. Selskapet samarbeider mellom anna med Øen Kuldeteknikk, som leverer varmepumpesentralar til fjernvaremanleggeti Ulstein.

Ein må vere viljug til å sjå fem-ti år fram i tid

Publisert: 17.11.2015 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49