John Arve Sundet og Daniel Sundet Bauta Group foto Ogne
RASK VEKST, GOD LØNSEMD: Styreleiar John Arve Sundet (t.v.) og dagleg leiar Daniel Sundet har gjennomført utvidingar og oppkjøp som har gjort Bauta Group til ein stor og synleg aktør i næringslivet på Nordvestlandet, med over 500 sysselsette i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nesten seks gangar større på fem år

Kraftig hopp i lønsemda for Bauta Group.

12.08.2025

Industrikonsernet Bauta Group i Tomrefjord passerte 100 millionar kroner i overskot i fjor, tre gangar meir enn i 2023, samstundes som inntektene auka meir enn 50 prosent. (sjå tabell)

Bauta Group - tidlegare MCP Holding - organiserte seg som eit konsern frå og med 2019. Då var inntektene 117 millionar kroner og resultatet før skatt 19,6 kroner. 

Med namneskiftet frå MCP Holding til Bauta Group i 2022 gjorde selskapet seg også meir synleg, og nye oppkjøp markerte konsernet ytterlegare.

Leverer til skipsbyggingsindustrien
I dag omfattar konsernet 14 aktive datterselskap, med skipsbyggingsindustrien som hovudkunde. 

I fjor sysselsette konsernet 532 årsverk, året før 473.

Dagleg leiar og medeigar Daniel Sundet er relativ ordknapp om utviklinga i fjor og hittil i år ut over det som står i årsmeldinga, men seier oppkjøp gjer at det ligg an til vekst også i år. 

Bauta Group as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt661,3427,5
Driftsresultat108,136,9
Resultat før skatt107,234,1

Bauta Group er mellom anna medeigar i eit selskap som satsar på å bygge flytande lukka oppdrettsanlegg og satsa i 2024 også på å etablere seg som direkte leverandør til skipbyggingsindustrien. Det skjer frå den tidlegare Leca-fabrikken på Skorgeneset i Vestnes kommune.

Famileeigd
Bauta Group blei etablert av John Arve Sundet i 2009. 

Har er i dag styreleiar og produksjonleiar i konsernet, og eig 50 prosent av aksjane.

Dagleg leiar og son, Daniel Holm sundet eig 30 prosent gjennom sitt eige selskap. Malin Holm Sundet og June Holm eig 10 prosent kvar, gjennom eigen selskap. 

I vår vart Bauta Group kåra til årets bedrift 2024 av Møre og Romsdal fylkeskommune,

Publisert: 12.08.2025 14:43

Sist oppdatert: 12.08.2025 16:55

Mer om