Kontrakten er på 80 millionar kroner og gjer at Brødrene Aa Hyen kan tilsette 60 personar fram mot sommaren skriv Firda Tidend.
- Det var den første viktige kontrakten å få på plass for å bemanne opp i Hyen, seier dageleg leiar Tor Øyvin Aa til avisa.
Kjøpt frå konkursbuet
Hurtigbåtverftet i Hyen gjekk konkurs tidlegare i år etter at ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled kansellerte bygginga av tre batteriddrivne hurtigbåtar. Kanslleringa skuldast forseinkinga og at båtane ikkje gjekk fort nok med den energibruken som var avtalt.
168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som var den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.
No har Aa-familien etablert ny drift både i Hyen og ved anlegget i Eikefjord i Sunnfjord.
Til Bergen og Geiranger
Også Fjord1 hadde ein båt under bygging i Hyen då hurtigbåtverftet gjekk overende. No har Fjord1 kjøpt den uferdig båten frå konkursbuet for å få bygd ferdig hos Brødrene Aa Hyen for bruk på strekninga Bergen-Knarvik. Båten skal gå på batteri.
Tidlegare har Geiranger Fjordservice kjøpt ein ein dei tre Norled-båtane til bruk på Geirangerfjorden.
Verftet håpar og å finne kjøparar som vil fullføre bygginga av dei to andre.
Håpet er at éin av dei to andre Norled-båtane skal bli ferdigstilt til 2026-sesongen.
- Vi jobbar òg med kontraktar på nye båtar. Sjølv om vi skal starte forsiktig opp, er det viktig få på plass meir langsiktige prosjekt parallelt, som strekker seg ut etter neste år, seier Tor Øyvin Aa til Firda Tidend.
Publisert: 12.12.2025 09:59
Sist oppdatert: 12.12.2025 09:59






