Flaggar om to ankerhandterarar
FRÅ NOR TIL BAH: Ankerhandteraren Bourbon Surf vert omflagga frå NOR- til BAH-flagg.
Nytt

Flaggar om to ankerhandterarar

Ankerhandterarane Bourbon Borgstein og Bourbon Surf vert omflagga frå NOR-flagg til Bahamas-flagg. 

05.11.2015
Omflagginga betyr at norske sjøfolk kan miste jobben til fordel for filippinsk eller anna utanlandsk mannskap.
Dei to 12 år gamle ankerhandterarane til Bourbon Offshore er i dag bemanna med nordisk mannskap.

- Beklageleg

Adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore seier han at det er beklageleg at skip må flaggast ut av NOR-registeret.
- Men marknadssituasjonen er ekstremt krevjande med krav om reduksjonar i pris frå våre kundar.
- Dette er eitt av tiltaka for å kunne sikre ei vidare drift, seier han.

Prøver å behalde kompetanse

Selskapet opplyser at for å sikre kompetansen vil ein arbeide for at så mange som muleg av dei berørte vert plasserte på nybygg eller på andre skip i flåten.
- Vi kan på dette tidspunktet ikkje sjå bort frå at vi hamnar i ein situasjon med overtalligheit.
Dette er eitt av tiltaka for å kunne sikre ei vidare drift

Publisert: 05.11.2015 13:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49