Medan tendensen for Møre og Romsdal var ein klar nedgang i talet på nyetablerte føretak i 2025, hadde Hareid ein oppgang samanlikna med året før.
At gründerverksemda i kommunen er i medvind, kjem óg til syne i fylkesstatistikken for Møre og Romsdal som blei offentleg på slutten av fjoråret. Den viste at berre Hareid og Giske kunne skilte med ein etableringsgrad over landssnittet i 2024.
Pål-Andreas Alnes er ikkje overraska over tala.
Sulalendingen etablerte Hadar Corporate Finance saman med Karl Eirik Frøysa Hansen ved starten av 2025, og merkar optimismen i lokalmiljøet.
– Det verkar som alle dei større bedriftene går godt. Ikkje minst er det høgt trykk i den maritime industrien. Det er kjempepositivt, seier Alnes.
Han trur optimismen kan påverke dei som vurderer å starte for seg sjølve.
Færre nyetableringar
Allereie etter første halvår i 2025 vart det klart at året baud på ein betydeleg nedgang i nyregistrerte føretak i Møre og Romsdal.
Ved utløpet av året viste tala at det vart etablert 1516 nye føretak i 2025. Det var ein nedgang på ti prosent frå året før, då det blei registrert 1676 nye føretak.
I Hareid vart det registrert 29 nye føretak i 2025, mot 26 året før.
– Tut og køyr sidan starten
For rådgivingsselskapet har pilane berre peika opp sidan oppstarten, og dei har nyleg tilsett ein tredje person.
– Det har vore tut og køyr sidan starten, og vi har heile tida hatt fullt opp å gjere – sjølv om vi førebels ikkje har vore nøydd til å seie nei til nokon, seier Alnes.
I løpet av dei siste fem åra er det lagt ned eit betydeleg arbeid i omstillingsprosjektet Vekst i Hareid, der Alnes er mellom dei som har vore med i styret.
– Prosjektarbeidet kan ikkje ta æra for alt, men det er ingen tvil om at det har bidrege. Målet har vore å skape eller sikre arbeidsplassar – og samtidig få opp etableringsgraden, fortel Alnes.

– Mange får seg ei oppvakning
Rådgivingsfirmaet har ikkje opplevd at det er ein bakdel å halde til på Hareid, snarare tvert om.
Alnes fortel at han fleire gonger har møtt folk som tek hurtigbåten frå Ålesund til Hareid for første gong – og blir positivt overraska.
– Mange får seg ei oppvakning og det er ikkje så fjernt som ein del kanskje trur. I tillegg til at hurtigbåten gjer det mogleg å pendle både frå Valderøya og Ålesund, er det til eksempel raskare å reise frå Eidsnes i Sula til Hareid med ferja – enn å køyre til Ålesund sentrum i rushtrafikken, legg han til.
Fleire arbeidsplassar i sentrum
I løpet av dei siste åra har det vore ei utvikling som har gitt fleire arbeidsplassar i Hareid sentrum.
Mellom anna er Hareid Helsehus og Millennium Cowork etablert seg eit steinkast frå ferje- og hurtigbåtkaia.
Alnes peiker på at det er fleire forhold som spelar inn, som at kommunen har utvikla ein rekke byggeklare bustadtomter.
– Det er ikkje nok berre med arbeidsplassar. Folk må både ha ein plass og bu, og eit godt samfunn å leve i, seier han.

Meiner samarbeid har vore viktig
Christine Erdal som er prosjektleiar for Vekst i Hareid, meiner ein suksessfaktor for kommunen er at ein har lukkast med å lyfte fram det positive skjer i Hareid.
– Det har skjedd positive før også, men vi har kanskje klart å vise det fram betre. Også er det gjerne slik at vekst skapar meir vekst, og at aktivitet skapar meir aktivitet, seier ho til Nett No.
Erdal meiner at mykje av utviklinga kjem som eit resultat av godt samarbeid mellom næringslivet, Hareid kommune, Vekst i Hareid og Hareid næringsforum.
– Vi har jobba godt saman for å løfte fram positiv aktivitet og vekst i kommunen vår, seier ho.
Omstillingsprosjektet skal etter planen avsluttast til sommaren. Samtidig er det teke initiativ til å etablere ei ny næringsforeining som skal vidareføre arbeidet.
Jobbar med å etablere Newton-rom
Sjølv om mykje har gått rett veg i Hareid dei siste åra, er det framleis noko Erdal saknar.
– Vi jobbar med å få på plass eit Newton-rom på Hareid. Vi meiner det vil vere eit kjempepositivt tiltak, ikkje minst for skuleelevane, seier ho.
Dei har allereie eit stykke på veg til målet etter å ha fått 600.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
– Men det må framleis litt meir midlar på plass før det kan realiserast, legg prosjektleiaren til.
Publisert: 10.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 09.01.2026 21:26






