Runde Panorama Jorund knardal innfelt 1
TIL SALS: Dei ni hyttene på Runde har mellom ni og fire sengeplassar. Bustyrar Jørund Knardal (innfelt) vil prøve å selje anlegget samla. Foto: Kjetil Haanes/privat
Nytt

Vil selje Runde Panorama samla

Bostyrar Jørund Knardal jaktar på kjøparar etter Runde Panorama-konkursen.

09.01.2026

Heile anlegget til Runde Panorama, med ni hytter med havutsikt på Runde, skal seljast samla. Det er planen etter eit møte mellom bustyrar Jørund Knardal og hovudkreditor Sparebanken Møre i dag.

Det var opna konkurs i selskapet denne veka. Gjelda er på over 30 millionar kroner, og banken har pant i praktisk talt alt av verdi, ifølgje Knardal.

I ein slik situasjon kan bustyrar overlate heile anlegget til banken, men banken ønskte heller at eit sal skal skje i regi av bustyret, seier Knardal.

To år i minus
45 millionar har Arnulf Goksøyr og partnarane satsa på luksushytter på Runde. No manglar kun gjestane, skreiv Nett No i slutten av 2022.

Til sama hadde selskapet 0,9 millionar kroner i driftsinntekt og minus 9,6 millionar i resultat før skatt i åra 2023 og 2024.

Skianlegg i fanget
I fjor fekk Sparebanken Møre skianlegget på Bjorli i fanget, etter at Bjorli Skisenter meldte oppbod i mai, med ei gjeld på 30 millionar kroner til banken.

Der gjekk gamle,og nye aksjonærar inn med åtte millionar kroner i eigenkapital og sikra i september ifjor vidare drift av anlegget på Bjorli, gjennom eit nytt selskap.

Publisert: 09.01.2026 16:04

Sist oppdatert: 09.01.2026 16:04

Mer om