Nytt
Flakk og Brødrene Aa i hydrogen-samarbeid
Får millionstøtte frå Forskningrådet for å utvikle og pilotere eit hydrogendrive katamaranfartøy.
18.12.2020
NPK: Tre prosjekt får i alt 70 millionar kroner frå Pilot-E til å utvikle nye utsleppsfrie havgåande transportløysingar. Blant dei er eit samarbeid mellom Flakk-selskapet Flakk International og hurtigbåtverftet Brødrene Aa som får 11,8 millionar kroner i støtte.
Dei tre prosjekta som får støtte til utvikling er høvesvis eit skip som skal transportere og bruke ammoniakk som drivstoff, og to utsleppsfrie fartøy for persontrafikk og last.
Støtta blir gitt gjennom Pilot-E, som er ein felles samordna finansiering i regi av Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.
– Tildelingane i år viser at norsk maritim næring verkeleg er i tet når det gjeld å utvikle utsleppsfrie løysingar med stort eksportpotensial. Dette er nok eit flott døme på korleis vi skapar ny grøn næring og vekst i Noreg, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.
Pilot-E skal samordne verkemidla og gjere det mogleg å raskare få følgt opp og realisert gode prosjekt heile vegen frå idé til kommersiell drift. Utlysinga i år er den femte i rekkja, og gav 12 søknader frå ulike bedriftskonsortium med i alt 60 partnarar. Prosjekta omfattar heile løpet frå forsking til fullskala demonstrasjon under reelle driftsforhold.
Prosjekta som i denne runden får støtte gjennom Pilot-E er:
Dei blir tildelt 11,8 millionar kroner frå Forskingsrådet. Ambisjonen er i samarbeid med Brødrene Aa i Hyen å utvikle og pilotere eit hydrogendrive, katamaranfartøy av nullutslepp for kombinert passasjerar og biltransport.
Dei blir tildelt totalt 46,3 millionar kroner til utvikling, bygging og sjøsetjing av eit ammoniakkfrakteskip.
Dei blir tildelt 12,3 millionar kroner frå Forskingsrådet. Ambisjonen er å realisere ein 20 års transportkontrakt med nullutslepps-operasjon, som kombinerer Felleskjøpet og HeidelbergCement sine fraktbehov mellom Vestlandet og Austlandet, til konkurransedyktige tonn-ratar.

Flakk International AS i Ålesund:
Dei blir tildelt 11,8 millionar kroner frå Forskingsrådet. Ambisjonen er i samarbeid med Brødrene Aa i Hyen å utvikle og pilotere eit hydrogendrive, katamaranfartøy av nullutslepp for kombinert passasjerar og biltransport.
Grieg Edge AS i Bergen med prosjektpartnar Wärtsilä Norway:
Dei blir tildelt totalt 46,3 millionar kroner til utvikling, bygging og sjøsetjing av eit ammoniakkfrakteskip.
Felleskjøpet Agri SA i Lillestrøm:
Dei blir tildelt 12,3 millionar kroner frå Forskingsrådet. Ambisjonen er å realisere ein 20 års transportkontrakt med nullutslepps-operasjon, som kombinerer Felleskjøpet og HeidelbergCement sine fraktbehov mellom Vestlandet og Austlandet, til konkurransedyktige tonn-ratar.
Publisert: 18.12.2020 11:39
Sist oppdatert: 11.01.2023 00:38