Flakk vil drive ferje på Geirangerfjorden
Ina Eldøy er sjef for ferjeselskapet. Har Flakk-, Halsebakk-familien og Frode Håkon Kjølås på laget.
Fylkeskommunedirektøren tilrår at også selskapet Flakk Starck får løyve til å drive bil- og passarsjerferje mellom Geiranger og Hellesylt.
Frå før har fylkeskommunedirektøren rådd til at også selskapet The Fjord får drive bil- og passasjerferje, frå og med 2026 og ut 2032.
Reine kommersielle løyve vert tildelt den som oppfyller objektive lovkrav for å inneha eit løyve, men gir ingen beskyttelse mot konkurranse frå andre løyvehavarar på den aktuelle strekninga, heiter det i innstillinga frå Fylkeskommunedirektøren.
Samferdselsutvalet skal handsame saka denne tysdag 26. september, og Flakk Starck kom med sin søknad først 20. september i år. Sunnmørsposten skreiv om søknaden først.
Hydrogen eller batteri
Flakk Starck ønsker å utvikle og drifte to hydrogendrivne passasjer- og ferjefartøy med nullutslepp. Selskapet ser føre seg fartøy bygd i karbonfiber med kapasitet 450 passasjerar og 35 personbilar, universelt utforma og med eit design godt tilpassa sightseeingverksemd, ifølgje instillinga frå Fylkeskommunedirektøren.
The Fjords vil bygge om dei to ferjene selskapet brukar på sambandet i dag , slik at dei kan gå på batteri, som skal ladast på Hellesylt.
Hydrogenfabrikk
Selskapet Norwegian Hydrogen planlegg å starte hydrogenproduksjon på Hellesylt neste år og ønskjer at hydrogenet blir tatt i bruk på ferja Hellesylt-Geiranger.
Flakkfamilien er største eigar i Norwegian Hydrogen.
Flakk Starck har to eigarar, ifølgje databasen Proff.no, Flakk Gruppen as og Starck Holding. Dei to selskapa eig Flakk Starck 50/50. Flakk Gruppen er eigd av Knut Flakk og familien, Starck Holding av Roger Halsebakk og familens investeringsselskap Ronja Capital og av Frode Håkon Kjølås selskap Kjølås Stansekniver.
Heilårsdrift
Til skilnad frå The Fjords vil Flakk Starck drive heilårsferje frå starten av perioden det blir søkt om:
"Flakk Starck ser føre seg drift med to ferjer i perioden frå april til oktober og ei ferje i skuldersesongen mars – november. I vintermånadene (desember, januar og februar) vil det bli segla med ei ferje samt noko færre turar pr. dag", heiter det i saksframstillinga til Samferdselsutvalet.
Publisert: 22.09.2023 13:35
Sist oppdatert: 22.09.2023 14:14