Monja og Sindre Mjelva foto Ogne
UNDERSKRIFTER: Ei rekkje reiselivsaktørar i Geiranger, med Monja og Sindre Mjelva på Hotel Union Geiranger, har skrive under på eit framlegg om korleis bygda skal få heilårsferje. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil gi monopol og få heilårsferje

– Interessant, seier ferjeselskapet om Geiranger-framlegg.

20.09.2023

Reiselivsbransjen i Geiranger og kommunen vil gi einerett på ferjetrafikken Geiranger - Hellesylt, i bytte mot heilårsferje.

I eit brev til Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune ber Monja og Sindre Mjelva på Hotel Union Geiranger, saman med ei rekkje andre reiselivsaktørar i Geiranger om at det blir innført heilårsferje på strekninga Geiranger - Hellesylt. Brevet står på sakskartet når Samferdselsutvalet møtes 26. september.

Blant medunderskrivarane er også Grande Fjord Hotell og Havila Hotel Geiranger, Stranda kommune og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Klikk deg inn på saklista til Samferdselsutvalet her (ekstern lenke)

Mellombels vinterferje
Dei to siste vintersesongane har det gått vinterferje på fjorden, som ei mellombels løysing medan det blir bygd ein rassikker tunnel på strekninga Geiranger-Eidsdal.

Selskapet The Fjords har løyve til å drive bil- og passasjertrafikk i sommarsesongen på strekninga Geiranger-Hellesylt ut 2025. Dei har óg søkt om å få drive vidare frå 2026 og ut 2032. The Fjords er 50 prosent eigd av Fjord 1.

(Selskapet Cruise Service har søkt om å få drive passasjertransport på strekninga, frå 2026 og ut 2032. Selskapet har hatt eit slik løyve frå 2022, som går ut 2025)

Vil gi einerett
Løyvet The Fjords har i dag er ikkje eksklusivt, og selskapet ber heller ikkje om det i søknaden om å drive vidare. Sommarruta er ei rein kommersiell rute der The Fjord bestemmer billettprisen, og fylket kan gi løyve til fleire.

Det reiselivsaktørane i Geiranger vil, er at retten til å trafikkere Geiranger med bilferje skal gjerast eksklusiv - i bytte mot at at den som får løyvet også trafikkerer fjorden året rundt.

«Ei heilårsferje med vinterdrift på verdsarvfjorden kan bli ein viktig del av ein nasjonal og internasjonal strategi for å spreie reisande ut over året, både for å unngå negative miljøeffektar, men også for å bygge heilårsplassar og berekraftige lokalsamfunn. Geiranger og destinasjonane rundt har arbeidd hardt for å utvide sesongen, og ferga/ferdselsåra mellom Hellesylt og Geiranger er ein marknadsmessig avgjerande distribusjonskanal», heiter det i brevet.

The Fjords: – Interessant
– Dette er synes vi er interessant, seier dagleg leiar John Vonli i The Fjords om framlegget frå aktørane i reiselivsbransjen i Geiranger.

Selskapet har eit mål om å drive ferje på heilårsbasis, men vil gradvis forlenge sesongen ved å starte tidlegare og slutte seinare, i takt med trafikkutviklinga.

Dersom det blir einerett på bilferjetrafikken, gir det eit anna grunnlag enn i dag for å vurdere heileårsdrift, ifølgje Vonli.

Satsar på batteri
Det er berre The Fjords som har søkt om løyve til bil- og passasjerferjetrafikk på strekninga Geiranger - Hellesylt. Selskapet sa allereie i 2018 at for dei er det batteridrift som er planen - og det gjeld framleis.

– Det er det einaste som er teknisk gjennomførbart, seier Vonli.

Trafikk på Geirangerfjorden skal vere CO2-utsleppsfri frå 2026 og det er den tidsfristen Vonli siktar til når han grunngjev kvifor The Fjords meiner batteri er einaste alternativ no. Planen er å lade i Hellessylt, frå ein flytande batteribank som blir lada sakte og tappa fort.

Selskapet Norwegian Hydrogen planlegg å starte hydrogenproduksjon på Hellesylt neste år og ønskjer at hydrogenet blir tatt i bruk på ferja Hellesylt-Geiranger.

«Det som gjør at denne ferjestrekningen virkelig burde gå på hydrogen mer enn noen andre, er at staten har bevilget over 46 millioner kroner i støtte til hydrogenfabrikk, og at vi allerede har tatt en investeringsbeslutning på godt over 100 millioner i et anlegg som produserer allerede fra 2024. For øvrig er strømsituasjonen både i Geiranger og på Hellesylt slik at vi ikke helt ser hvordan man skal lade batterier der», sa Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge til Sunnmørsposten 7. september i år.

Publisert: 20.09.2023 10:45

Sist oppdatert: 20.09.2023 11:31