Tjukkaste ordrebok paa fleire aar
VEKST: Dagleg leiar og medeigar Idar Martin Refsnes i Saga Boats kan fortelje om ein velfylt ordrebok, men samstundes om så lang leveringstid at ein del kundar takkar nei til å kjøpe båt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Flaskehals bremsar veksten

Om du vil ha ny båt på vatnet neste sommar, er du allereie i seinaste laget.

07.10.2021

Medan Saga Boats-sjef og -medeigar Idar Martin Refsnes før måtte vente ein månad eller to før ein bestilt motor til båtane hans blei levert til båtbyggeriet på Selje, er leveringstida no oppe i eitt år.

- Vi har kjempeproblem med å få deler, seier Refsnes.

Lang leveringstid på deler slår også ut på kor raskt Saga Boats kan levere båtar. Om du bestiller i dag vil du få båten din i juli-august neste år. Leveringstid som er så langt at selskapet går glipp av sal, ifølgje Refsnes.

Typisk for bransjen
Lang leveringstid er eit problem som er typisk for heile bransjen, seier Refsnes.

I dag har Saga Boats 35 tilsette, og tilsette to nye så seint som denne veka. Å få tak i nok folk er også ei utfordring. Mellom anna er det blitt tyngre å rekruttere frå Polen etterkvart som lønsvilkåra der har blitt betre, og også valutautviklinga gjer det mindre gunstig å arbeide i Noreg.

Saga Boats as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter59,559,4
Driftsresultat0,81,9
Resultat før skatt-0,80,3

Vekst
Saga Boats auka driftsinntektene frå 43 til 59 millionar kroner frå 2018 til 2019. Det var den høgaste driftinntekta på 11 år.

I fjor blei driftsinntektene omlag som i 2019 og selskapet fekk eit lite underskot før skatt (sjå tabell under). Så langt i år ligg driftsinntektene an til å bli omlag som i år.

Det familieeigde båtbyggeriet i Selje har vore i drift sidan 1960.

Den førre inntektstoppen var i 2007, med 94 millionar kroner.

Finanskrisa råka blant andre Saga Boats hardt, og i 2009 var driftsinntektene redusert til 43 millionar kroner. Botnen kom i 2013, med 25 millionar kroner i driftsinntekter. Etterpå har det svinga mellom 48 og 42 millionar kroner i driftsinntekter, før veksten i 2019.

Publisert: 07.10.2021 11:02

Sist oppdatert: 07.10.2021 11:20

Mer om