Island Offshore melder tysdag at dei har fått nye kontraktar til fleire av skipa sine.
Island Commander har fått ei tre-årskontrakt med oljeselskapet Lundin Norway. Samtidig har Island Crusader fått arbeid for 600 dagar og Island Contender fått jobb i 400 dagar, begge for same selskap.
– Det er lenge sidan vi har sett kontraktar av ei slik varigheit, og difor er det ekstra kjekt å kunne signere for tre fartøy på ein gong. Dette gir ein forutsigbar arbeidskvardag for dei tilsette om bord, og sikrar oss stabile inntekter på skipa våre, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet i ei pressemelding.
For alle desse skipa er det også opsjonar som gir moglegheit for forlenging av oppdraga. Walaunet påpeiker at kontraktane gir eit betydeleg bidrag til ordreboka, og sikrar arbeidsplassane i reiarlaget.
Forsyningsskipet Island Crusader skal vere støtteskip for riggen West Bollsta med oppdrag på ti brønnar, medan systerskipet Island Contender skal vere støttefartøy for Rowan Viking på sju brønnar.
Walaunet påpeier kor viktig det er med ein langsiktig relasjon til kunden og at Lundin har hatt desse skipa i langtidskontrakt før: – Det gler oss å sjå at dei no aukar aktiviteten sin og tenkjer langt framover, seier Walaunet.
Island Offshore har også sikra nye langsiktige kontraktar til ytterlegare to forsyningsskip. Også desse oppdraga kjem frå ein ikkje namngitt kunde, som dei har hatt eit langsiktig forhold til.
Reiarlaget fekk nyleg overlevert sitt nye flaggskip Island Victory, som mellom anna har oppdrag i Barentshavet og Mexicogolfen fram til oktober. Walaunet fortalde til enn venta, og at dei difor skulle tilsette flere folk.
Island Commander har fått ei tre-årskontrakt med oljeselskapet Lundin Norway. Samtidig har Island Crusader fått arbeid for 600 dagar og Island Contender fått jobb i 400 dagar, begge for same selskap.
– Det er lenge sidan vi har sett kontraktar av ei slik varigheit, og difor er det ekstra kjekt å kunne signere for tre fartøy på ein gong. Dette gir ein forutsigbar arbeidskvardag for dei tilsette om bord, og sikrar oss stabile inntekter på skipa våre, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet i ei pressemelding.
For alle desse skipa er det også opsjonar som gir moglegheit for forlenging av oppdraga. Walaunet påpeiker at kontraktane gir eit betydeleg bidrag til ordreboka, og sikrar arbeidsplassane i reiarlaget.
Les også:
Held fram på same oppdrag
Brønnintervensjonsfartøyet Island Commander skal halde fram med å støtte boreaktiviteten på Edvard Grieg-feltet, eit arbeid skipet har vore oppteken med sidan 2016.Forsyningsskipet Island Crusader skal vere støtteskip for riggen West Bollsta med oppdrag på ti brønnar, medan systerskipet Island Contender skal vere støttefartøy for Rowan Viking på sju brønnar.
Walaunet påpeier kor viktig det er med ein langsiktig relasjon til kunden og at Lundin har hatt desse skipa i langtidskontrakt før: – Det gler oss å sjå at dei no aukar aktiviteten sin og tenkjer langt framover, seier Walaunet.
Oppdrag sidan 2007
Reiarlaget i Ulsteinvik har vidare sikra eit års forlenging av eksisterande kontrakta til forsyningsskipet Island Champion. Arbeidet gjerast for Team Marine, ein kunde reiarlaget har hatt heilt sidan 2007.Island Offshore har også sikra nye langsiktige kontraktar til ytterlegare to forsyningsskip. Også desse oppdraga kjem frå ein ikkje namngitt kunde, som dei har hatt eit langsiktig forhold til.
Reiarlaget fekk nyleg overlevert sitt nye flaggskip Island Victory, som mellom anna har oppdrag i Barentshavet og Mexicogolfen fram til oktober. Walaunet fortalde til enn venta, og at dei difor skulle tilsette flere folk.
Les også:
Publisert: 10.03.2020 16:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54