20221110 181543
PESSIMISME: Sjefsøkonom Inge Furre ser ikkje så mange lyspunkt for neste år, men trur at det nærmar seg slutten for rentehoppa. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Fleire mørke skyer – men så kom eitt lyspunkt

Det meste ser dårleg ut for neste år, men så kom plutseleg USA med betre inflasjonstal enn forventa.

11.11.2022

- Langsiktige renter fall kraftig i USA. Det same vil truleg skje i Norge.

Det sa sjefsøkonom Inge Furre i Sparebanken Møre under ein presentasjon på Stad hotel på Leikanger torsdag.

Han viste til at prisveksten i USA i oktober dempa seg til 7,7 prosent, medan marknaden venta 7,9 prosent.

Inflasjonsstopp
Dette førte til den beste børsdagen på Wall Street sidan våren 2020, og der teknologibørsen Nasdaq steig heile sju prosent.

- Marknaden trur no at inflasjonen er på veg nedover, sa Furre.

Han viste til at den amerikanske sentralbanken fire gangar på rad har heva renta med 0,75 prosentpoeng for å få bukt med inflasjonen.

Nytt, lite rentehopp
Furre rekna med ny renteauke i desember, men meir moderat.

- Dei fleste er samde om at når renta har auka så mykje så raskt, så er tida inne til å sjå nærare på virkningane av renteauken.

Han forventa likevel at Noregs Bank ville setje opp renta med ytterlegare 0,25 prosentpoeng i desember.

Fleire konkursar
Med unntak av dei gode nyheitene frå USA torsdag, er det pessimismen som rår, sjølv om Norge har klart seg bra etter pandemien.

- Ledigheita er framleis lav, med 1,6 prosent i Norge, og 1,4 prosent i Møre og Romsdal.

- Men no forventar vi at ledigheita vil auke, det same med antal konkursar.

Furre spådde veldig lav vekst i dei viktigaste norske eksportmarknadene.

- Det kan hende at Europa allereie er inne i ein resesjon. Det vil seie at produksjonen går ned to kvartal på rad.

Publisert: 11.11.2022 13:05

Sist oppdatert: 11.11.2022 15:01

Mer om