Nett no magasinet framside innside 2022
NETT-NO-MAGASINET: Årets utgåve av NETT NO-magasinet er det 11. i rekka som tek pulsen på næringslivet på Nordvestlandet. Skjermfoto
Nytt

Les årets NETT NO-magasin

Korleis ei globalisering i revers skaper nye farar og nye sjansar, er årets tema. Les magasinet digitalt no.

10.11.2022

Næringslivet på Nordvestlandet greidde seg overraskande godt gjennom pandemien. Men både den og krigen i Ukraina forsterkar ei globalisering i revers. Det skaper både nye farar og nye sjansar.

Dette kan du lese mykje om i årets NETT.NO-magasin.

«Heim til trygge hamner» er tittelen på årets framside og viser til korleis globalisering må vike for regionalisering. Utviklinga er ein del av ein trend med større merksemd kring risikoen ved produksjon langt unna og kompliserte forsyningsliner.

Fleire vil flytte heim
Spilka-sjef Terje Bøe har berre siste året fått fem seriøse forespørslar frå større bedrifter som vil flytte produksjon nærare seg.

Plasto-sjef Lars Stenerud opplever at kundane vil ha støypeformene til plastprodukta sine laga i Europa og Ekornes-konsernet vil spreie produksjon av komponentar på fleire produsentar og fleire land.

Det er berre nokre eksempel på korleis trenden påverkar næringslivet – og korleis bedriftene handterer utfordringane.

I magasinet kan du óg lese om bedrifter som jobbar med å ta i bruk smartare løysingar på sjø, land og jarnbane. Morten Ulstein som fortel om oljebransjens comeback og Flakk-familien som håpar å flytte heim klesproduksjon.

Klikk her for å lese heile magasinet digitalt

Sjeføkonom: – Eit veldig bra år
Med dette 11. magasinet frå NETT NO gjer vi også opp status for næringslivet i regionen. Inntektene til bedriftene i regionen skaut i vêret med over 17 prosent fra 2020 til 2021 - og resultatet før skatt steig over 30 prosent.

– Alt i alt eit veldig bra år, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen om 2021 i ein av artiklane i årets NETT NO-magasin.

Etter ein god start i 2022 har det dukka opp faresignal utover hausten, som skaper meir uvisse.

Klikk her for å lese heile magasinet digitalt

Dei 100 største bedriftene
Sjølvsagt er det også i år eit rikhalding tallmateriale i magasinet med oversikt over dei 100 største bedriftene i regionen, kven som fekk flest nye tilsette – og sa opp flest – og korleis næringslivet i dei ulike kommunane ligg an samanlikna med kvarandre.

Oversikta omfattar bedrifter med over fem millionar kroner i driftsinntekter i kommunane i Nordfjord (medrekna den delen av Kinn som var Vågsøy kommune) og alle kommunane på Sunnmøre. I år er også Molde, Rauma og Vestnes med i tallmaterialet.

Vi håpar at magasinet fell i smak. God lesing!

Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Marius Rosbach

Publisert: 10.11.2022 10:26

Sist oppdatert: 11.11.2022 00:08