NPK-NTB: I fjor svarte 35 prosent at dei «trur bustadprisane vil auke» i 2019 i den same undersøkinga frå Nordea. Forventninga var då ei uendra prisutvikling eller prisfall, skriv .
Tal frå starten av desember viser at bustadprisane i landet har stige med 3,1 prosent dei siste tolv månadene. Undersøkinga seier ikkje noko om kor mykje folk trur prisane vil stige.
John Sætre, leiar for privatmarknaden i Nordea, understrekar at forventningane kan påverke korleis bustadprisutviklinga blir sidan marknaden blir påverka av psykologi.
Han peikar òg på at arbeidsløysa er låg, og at mange har god tru på eigen økonomi. I tillegg er styringsrenta framleis låg på 1,5 prosent, og økonomar ser få teikn til at renta blir heva med det første.
Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika Gruppen, er langt frå like optimistisk som folk flest. Han viser til at Noreg står overfor fem år med nedgangstider, og at det vil kjøle ned bustadmarknaden òg.
– I hovudstaden trur eg vi får prisvekst i 2020, grunna høg innflytting. Men eg trur prisane vil gå ned i resten av Noreg med tre prosent, og at prisveksten på landsbasis endar på minus 0,5 prosent, seier Andreassen til E24.

Publisert: 30.12.2019 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48