NTB 8 Q5 1t YW Hc Q
GODT FORNØGD: SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes kallar grunnrenteskatten for laksenæringa «positive, nye taktar». Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Fleire opposisjonsparti positive til lakseskatt

SV og Raudt jublar over regjeringsforslaget om grunnrenteskatt for havbruk. MDG og Venstre er positive, men meir avmålte.

28.09.2022

NPK-NTB: – Dette er positivt og nye taktar frå regjeringa. SV har lenge kjempa for at verdiar skapt av ressursane i fellesskapet skal komme folket til gode, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes til NTB.

Han understrekar samtidig at SV vil setje seg grundigare inn i forslaget før dei lovar å støtte det.

Vil ha enda meir
– Endeleg er det slutt på at laksebaronane får alt dei peikar på. Det er på høg tid at oppdrettsmilliardærane må betale meir for å utnytte norsk natur, seier Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen.

Ho er også positiv til at regjeringa aukar skatteinntektene, og ber om nye skattar også på overskot og utbyte.

Både Venstre og MDG støttar også grunnrenteskatten. Til gjengjeld har dei kvart sitt ønske til regjeringa.

– Lakseskatten burde stimulert til meir miljøvennleg produksjon. MDG har fleire gonger foreslått ein grunnrenteskatt på lukka anlegg som fell til vertskommunane, og ein høgare grunnrenteskatt på opne anlegg som fell til staten, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG).

Etterlyser evne til å ta ned offentleg pengebruk
Finanspolitisk talsperson for Venstre Sveinung Rotevatn er skeptisk til at skattetrykket aukar.

– Venstre er bekymra for eit høgare skattetrykk for næringslivet. Vi ser ei regjering som slit med å prioritere og ta ned offentleg pengebruk. Å berre auke det generelle skattetrykket er ikkje berekraftig for Noreg over tid.

Samtidig understrekar han at Venstre generelt reknar grunnrenteskatt som ein fornuftig og rettferdig måte å skattleggje på.

Publisert: 28.09.2022 11:54

Sist oppdatert: 11.11.2022 09:55

Mer om