Bent Martini foto marius
FLEIRE REISANDE: Havila Kystruten-sjef Bent Martini opplever at fleire reisar med reiarlaget sine seglasar mellom Bergen og Kirkenes. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire reiste med Kystruten

Solid auke for reiarlaget som siktar mot eit overskot frå drifta på over 200 millionar.

Marius Rosbach
06.02.2025

Havila Kystruten opplyser i ei oppdatering om drifta at belegget på seglasane auka til 78 prosent i 4. kvartal i fjor. Det var ei auke frå 65 prosent i 2023. 

I januar sank belegget til 51 prosent, som reiarlaget seier er normalt for sesongen. Inntektene er i tråd med budsjetterte mål og viser ei solid auke i snittinntekt per lugar, skriv selskapet i børsmeldinga

Aukar lønnsemda
Samtidig opplyser reiarlaget at dei siktar mot eit ebitda-resultat på meir enn 200 millionar kroner. Det er første gong Herøy-reiarlaget går i pluss eit heilt år – før skatt, renter og avskrivingar. 

Ved utløpet av 3. kvartal låg selskapet an til eit ebitda-resultat på knappe 170 millionar. Resultat før skatt ligg framleis an til å gå solid i minus – og var ved utløpet av 3. kvartal på kring 650 millionar i underskot. 

Halvparten bestilt allereie
Bookingane for 2025 er lovande og kring 50 prosent av kapasiteten var bestilt ved utgangen av januar månad. 

Ein meir balansert fordeling av reisande på nord- og sørgåande rute, bidreg til meir effektiv operasjon planlegging, og sett selskapet i ein god posisjon til å maksimere høgsesongen, heiter det i meldinga. 

Liten reaksjon på børsen
Investorane verka reagere med eit skuldertrekk på Oslo børs torsdag. 

Havila Kystruten-aksjen på Oslo børs opna først ned, så opp – før den ved 10-tida låg på 0,88 kroner aksjen. Det var på nivå med sluttnoteringa onsdag, og utgjorde ein oppgang på kring 0,3 prosent. 

Hovudindeksen klatra oppover, etter mykje uro dei siste dagane. Ved 10-tida var indeksen på 1512,18 poeng – ein oppgang på nær 0,7 prosent sidan handelen opna. 

Publisert: 06.02.2025 09:39

Sist oppdatert: 06.02.2025 10:11

Mer om