Fleire tek fly men langt bak 2019
HOPP: Auke i flytrafikken over Vigra, men framleis langt bak fjoråret.
Nytt

Fleire tek fly - men langt bak 2019

Passasjertalet over Vigra steig med 50 prosent frå juni til juli, og snart vert det charterturar til Kreta.

10.08.2020
Trass det kraftige hoppet frå juni til juli, ligg passasjertrafikken over Vigra langt bak fjoråret.
I juli reiste 36.233 passasjerar til og frå Vigra. Det er ein nedgang på heile 62,5 prosent samanlikna med same månad i 2019.
Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at framleis er det utlandstrafikken som har størst reduksjon med 84,7 prosent i juli.
I same månad blei innlandstrafikken redusert med 49,3 prosent samanlikna med juli i fjor.

Kreta-charter

Hånde opplyser at i juli har Wizz Air operert rutene til Gdansk i Polen og til Kaunas i Litauen.
- Frå og med 3. august starta KLM opp igjen ruta Ålesund - Amsterdam.
- I sommar har det ikkje vore charterfly til «syden», men Apollo startar charterturar til Kreta frå Vigra laurdag 5. september, seier Hånde.

Nesten halvert på Hovden

Over Ørsta Volda lufthamn Hovden flaug det 5.681 passasjerar i juli. Det er 27,0 prosent færre enn juli i fjor.
Hittil i år har det reist 35.349 passasjerar over Hovden, ein nedgang på 43,8 prosent frå i fjor.
Over Anda lufthamn på Sandane reiste det 2.787 passasjerar i juli, 30,6 prosent færre enn i fjor.
Hittil i år har det reist 11.586 passasjerar over Anda, 52,7 prosent færre enn i fjor.
Avinor sin månadsstatistikk viser at det totalt reiste 1,8 millionar passasjerar over norske flyplassar i juli.
Det er ein markant oppgang på 71 prosent sidan juni, men framleis langt unna ein normalsituasjon.

Publisert: 10.08.2020 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01