Fleire vil drive simulatorsenter
PRØVAR IGJEN: Marknaden for simulatortrening for sjøfolk krympa så mykje at Fosnavåg Ocean Academy slo seg konkurs i januar i år.
Nytt

Fleire vil drive simulatorsenter

Etter konkursen i Fosnavåg Ocean Academy har fleire interessentar meldt seg for å sikre vidare drift av simulatorsenteret.

06.03.2020

Under skiftesamling i førre veke sa bustyrar Thore Heggen at den beste måten å sikre verdiar etter konkursen var å få til vidare drift av simulatorsenteret, som er bygd for at sjøfolk kan trene på maritime operasjonar. Saman med tidlegare dagleg leiar Aleksander Leine møtte han seinare i førre veke ei gruppe moglege interessentar - og det møtet kan har bore frukt.

Les også: Satsar på simulatorredning

Tre til fem interessentar
I dag skal Alexander Leine ha eit nytt møte.

- Tema er å få til ei eigargruppe og ein plan for korleis ein skal kunne drive det (simulatorsenteret, red. merk) sunt og økonomisk, seier han om møtet.

Leine vil førebels ikkje seie noko om kven som har meldt interesse for å vere med på å drive simulatorsenteret vidar, ut over at de er snakk om tre til fem aktørar.

Bygd inn i veggane
Fosnavåg Ocean Academy eig seksjonen i bygget som også husar Thon Hotel Fosnavåg, og seksjonen og utstyret i simulatorsenteret er bygd inn i huset på ei slik måte at kostnadane med å rive og ta ut utstyret for sal fort vil overstige kva ein eventuelt vil kunne få att.

Det er grunnen til at Heggen meiner det er økonomisk fornuftig å få til vidare drift.

20,5 millionar i gjeld
Simulatorsenteret blei bygd for å tilby kurs til mannskap på offshoreskip, men blei råka både av fallet i offshoremarknaden og ei regeleendring som reduserte etterspørselen etter trening i simulator.

Trass fleire forsøk på å sikre lønsam drift, mellom anna å få brønnbåtreiarlaget Sølvtrans inn som medeigarar, lukkast ikkje selskapet å drive i pluss, og i desember i fjor bestemte styret seg for å kaste inn handkleet.

Les også: Gir opp treningssenter for sjøfolk

Gjelda er på 20,5 millionar kroner og Sparebank1 SMN (9,3 millionar) og Innovasjon Norge (11 millionar) er dei to største kreditorane.

Publisert: 06.03.2020 05:55

Sist oppdatert: 31.03.2022 10:01