NTB mho NC Nv8 Hgc ikkjebruk
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) heldt fredag ein pressekonferanse om endringar i integreringspolitikken. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Flyktningar skal få mindre økonomisk støtte – regjeringa vil ha fleire i jobb

Regjeringa vil fjerne retten flyktningar har til å få sosialhjelp og bustøtte dei fem første åra i Noreg. Målet er at det skal bli meir lønnsamt å jobbe.

23.01.2026

NPK-NTB: – Om vi skal lykkast med integreringa framover og sikre velferdssamfunnet, må fleire flyktningar ut i jobb. I dag kan flyktningar få meir i ytingar enn gjennom vanleg lønt arbeid. Sånn kan det ikkje vere, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) i ei pressemelding.

I dag kan ein einsleg flyktning med to barn i Oslo få ytingar tilsvarande 600.000 kroner før skatt. Med den nye ordninga vil maksimal stønad vere 383.000 kroner før skatt.

For å få stønad må flyktningar delta i integreringsprogram. Dei som ikkje kjem i jobb eller utdanning etter programmet, får aktivitetsplikt med krav om 20 timar i veka. Stønad blir redusert etter eitt og tre år.

– Å komme i jobb er bra for kvar enkelt fordi det gir høve til å forsørgje seg sjølv og familien sin. Det gir språktrening og tilhøyrsel til samfunnet, seier Stenseng.

Ho oppmodar arbeidsgivarar til å rekruttere blant heile befolkninga.

– Vi veit at det blir konkurranse om arbeidskrafta framover. Då må vi ha eit system som sørgjer for at alle som kan jobbe får brukt evnene sine på ein arbeidsplass, seier arbeidsministeren.

Forslag om å erstatte introduksjonsstønad, sosialhjelp og bustøtte med éin ny integreringsstønad blir no send ut på høyring. Fristen er 23. april.

Publisert: 23.01.2026 09:38

Sist oppdatert: 23.01.2026 09:38

Mer om