Eit større omland å rekruttere tilsette frå. Det er ei medverkande årsak til at Sigurd Teige etablerer hovudkontor i det gamle Nordea-bygget i Hareid sentrum.
Det er bra med høg aktivitet i næringslivet i Herøy, men baksida er at det er ein veldig stram arbeidsmarknad der, seier Teige til Nett No. Ved å flytte hovudkontoret frå Westinghuset på Eggesbøneset ved Fosnavåg i Herøy til Hareid blir det fleire eksisterande og potensielle arbeidstakarar som får ein kortare reiseveg.
Folk frå Vigra/Valderøya og Ålesund sentrum kan ta hurtigbåten, og ferja frå Sulesund er gratis for dei som lar bilen stå att på Sulesundsida.
30-40 kontorplassar
Teige Gruppen har kjøpt det tidlegare bankbygget frå Efinor Eiendom i Førde. Planen er å renovere slik at det er klart til bruk om eit års tid, med plass til 30-40 kontorarbeidsplassar.
"-Våre ansatte er bosatt både omkring på Sunnmøre, og spredd over flere avdelinger fra Harstad i nord til Danmark i sør. Vi har over lenger tid sett behovet for en større samlingsplass og en lokasjon som både forenkler logistikken og styrker rekrutteringsmuligheter og tilgangen på arbeidskraft, sier konsernleder i Teige Gruppen, Sigurd Teige. Han presiserer at Hareid er plassert mellom den maritime klyngen på Søre Sunnmøre og Ålesund, noe som gir store muligheter for fremtiden med tanke på både vekst og rekruttering", skriv Teige Gruppen i ei pressemelding.
Westinghuset i Herøy, der det i dag arbeider omlag 25 personar, skal halde fram som avdelingskontor og dei tilsette får stor fleksibilitet mellom avdelingane, ifølgje pressemeldinga.
Fisk, eigedom og legesenter
Den famileigde Teige Gruppen omfattar både fiskeri, eigedom, legesenteret Medi 3 og skips- og industrimaling.
I alt er det omlag 200 tilsette i dei ulike selskap, av dei rundt 150 i Medi 3 og søsterselskap, ifølgje Sigrud Teige.
Publisert: 17.10.2024 10:59
Sist oppdatert: 17.10.2024 21:01