Kim Anders Lillebø Millennium skisse Foto Marius 11
NY MØTEPLASS: Brørne Kim (t.v.) og Anders Lillebø fortel at kring halvparten av kontorplassane er utlegd i sentrumsbygget som skal renoverast. Her kjem også kontorfellesskap, kafé og fleire møtelokale. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Investerer kring 50 millionar i ny møteplass

Kring neste jul opnar truleg dørene til eit næringsbygg med kontorfellesskap og kafé på Hareid.

Marius Rosbach
22.12.2023

Brakali Group er i full sving med å førebu ei totalrenovering av Hareid-bygget som tidlegare er blitt kalla Hamnesenteret. Her vil dei tilby kontorplassar, arbeidsfellesskap og fleire møtelokale. I tillegg blir det kafé på bakkeplan.

– Dei som vil flytte inn hos oss, får dei mest moderne kontorlokala i regionen, nærleik til Ålesund og flyplassen, i tillegg til at dei vil vere midt i Hareid, fortel Kim Lillebø til NETT NO.

Om alt går etter planen vil sentrumsbygget som i dag står ribba for innhald, vere klart til innflytting om kring eitt år. Namnet blir Millennium Co-Work.

Millennium råbygg Hareid foto Marius
TRULEG KLART OM EITT ÅR: Om alt går etter planen vil sentrumsbygget som i dag står ribba for innhald, vere klart til innflytting om kring eitt år. Det lokale byggefirmaet HS Riise har fått byggeoppdraget. Foto: Marius Rosbach

– Det blir eit signalbygg
Kim og broren Anders er dei sentrale drivkreftene i prosjektet, som inneberer ei investering på kring 50 millionar utan moms for selskapet til Lillebø-familien.

Som Hareid-patriotar legg dei ikkje skjul på at det er ei investering som gjerast med både hjartet og hovudet.

– For oss er dette ei stor investering og vi har teke på oss dei «langsiktige» brillene, som betyr at vi ikkje kan rekne med normal tilbakebetalingstid, seier Kim Lillebø.

– Det gir oss samtidig veldig mykje glede. Vi lærer om denne type investeringar og får vere med å skape noko sentralt i Hareid. Det blir eit signalbygg vi kjem til å vere stolte av, legg han til.

Millennium hareid cowork 11
KONTORFELLESSKAP: Millennium Co-Work blir namnet på kontorfellesskapet i bygget. – Her blir det kontorplassar for drop in-kundar og kortidsleige, samtidig som det blir ein sosial arena for dei med kontor i bygget, fortel Kim Lillebø. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Kring halve bygget utlegd allereie
Bygget i tre etasjar er på kring 1700 kvadratmeter. Her blir det plass til kring 40 kontorplassar, pluss arbeidsfellesskap og minst fire møtelokale.

– Vi er kring 50 prosent utlegd i dag og føler at vi er godt i rute, seier Lillebø.

Han fortel at dei i utgangspunktet ikkje jobbar aktivt med å rekruttere leigetakarar frå Hareid. I staden jobbar dei mot aktørar frå nabokommunar.

– Hareid er eit knutepunkt mellom søre Sunnmøre og Ålesund-regionen. Vi ligg også rett ved hurtigbåtkai, ferje og bussforbindelsar, påpeiker han.

Brørne trur det vil vere interesse for bedrifter i Ålesund, å nytte arbeidsfellesskapet for tilsette på søre Sunnmøre. Dei trur óg at bedrifter på søre Sunnmøre kan rekruttere folk frå Ålesund, som kan jobbe i bygget.

Lokalbank er første leigetakar
Første leigetakar blir Sparebanken Møre, som skal inn på bakkeplan. I same etasje kjem kaféen som skal betene leigetakarar og andre besøkande.

Det er også Brakali Group som står bak selskapet som skal drive serveringsverksemda.

I andre etasje blir det kantine for leigetakarane og eit større møtelokale med tilgang til terrasse under tak i eine hjørnet av bygget.

– Tanken med møteromma, er at det skal vere mogleg for andre bedrifter i lokalmiljøet å booke dei, både til møter og andre arrangement, fortel Anders Lillebø.

Millennium hareid kafe 11
KAFÉ PÅ BAKKEPLAN: Eit eige selskap vil stå for serveringsverksemda som både skal tilby mat for leigetakarane og andre. På sikt blir det truleg også utleige av selskapslokale i bygget. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Lokalar for mindre arrangement
Brørne fortel at fleire bedrifter har ytra ønske om lokalar som kan være tilgjengeleg for dei som vil arrangere næringstreff, frukostseminar eller mindre konferansar. Det er mangelvare på Hareid i dag.

– Da har vore ein del bedrifter som har teke kontakt, og ytra ønske om ein plass der dei kan ha arrangement her på Hareid, legg han til.

Kaféselskapet vil truleg ta seg av alt av arrangement og kunne disponere areal som også kan nyttast i helgane. På sikt ser dei føre seg å leige ut delar av bygget som selskapslokale.

Millennium Cowork hareid sjøsida illustrasjon Sportstøl Arkitekter
SJØSIDA: Slik blir bygget sjåande ut frå sjøsida. I løpet av første halvår neste år blir bygget truleg tett. Innflyttinga skjer truleg om kring eitt år. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Publisert: 22.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 22.12.2023 08:19

Mer om