Lars Alvestad foto Sjøfartsdir
SJØFART: Fungerande Sjøfartsdirektør Lars Alvestad meiner den grøne flåtefornyingan går for sakte om Noreg skal nå klimamåla. Foto: Grethe Nygaard / Sjøfartsdirektoratet
Nytt

- Flåtefornyinga går for sakte

Leiaren i Sjøfartsdirektoratet ønsker å stille strengare krav.

NPK
16.11.2021

(NPK-Peder Skjelten) Noreg har vedteke å redusere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske med 50 prosent innan 2030. Sjøfartsdirektør Lars Alvestad meiner omstillingsfarta i grøn flåtefornying må aukast kraftig om målet skal bli nådd.

To av tre nybygg i ordreboka til Sjøfartsdirektoratet er i dag konvensjonelle skip som skal operere på fossilt drivstoff, skriv direktoratet i ei pressemelding.

– I dag har vi for lite pådrag i framdrifta, vi må opp mange omdreiingar for å nå målet, seier Sjøfartsdirektør Lars Alvestad i pressemeldinga.

Treng 138 miljøskip årleg
Ifølgje Alvestad har Noreg fått 138 nye batteridrivne fartøy dei siste åtte åra. For å nå 2030-målet med ein kombinasjon av null- og lavutsleppsskip, må det bli bygd minst 138 nye lav- og nullutsleppsskip kvart år dei neste åtte åra.

Alvestad meiner Sjøfartsdirektoratet må stille strengare krav når omstillingsfarten er låg.

– Vi kan ikkje sitte og sjå på at det blir bygd skip som ikkje tek inn over seg det nødvendige grøne skiftet.

Publisert: 16.11.2021 15:35

Sist oppdatert: 16.11.2021 15:42

Mer om