Landstyret i Norges Fiskarlag har fire medlemar frå kvar av dei tre medlemsorgansiasjonen, Nord Fiskarlag, Fiskarlaget Sør-Norge og Fiskebåt.
Landsstyremøltet dagen før landsmøtet er rutine, men det spesielle i år er at mistilliten og usemja mellom Nord Fiskarlag og Fiskebåt kan føre til Fiskebåt melder seg ut. I så fall satsar Fiskebåt på å vere frittståande ein interesse- og arbeidsgivarorgansasjon for sine medlemer, som er eigarane av den havgåande fiskeflåten.
Usemje om fordeling
Det konkrete stridsspørsmålet er refordelinga av norske fiskekvotar til fiskarar frå tredjeland, men som utanlandske fiskarar ikkje har greidd eller ønskt å fiske opp. Fiskebåt meiner dei skal tilfalle havfiskeflåten som kompensasjon for at Stortinget har endra litt på kvotefordelinga til ugunst for havfiskeflåten.
Det er ikkje Nord Fiskarlag samd i.
Under den konkrete usemja er der ei grunnleggande mistillit mellom partane, der Fiskebåt vil ha garantiar for at Nord Fiskarlag ikkje startar det Fiskebåt vurdere som stadige omkampar om fordeling av fiskekvotane.
Gruppemøte i ettermiddag
Frå klokka 17 i ettermiddag er det reservert møterom for dei tre underorganisasjonane i Norges Fiskarlag på Scandic Nidelven Hotel i Trondheim, der landsmøtet skal arrangerast tysdag 18. og onsdag 19. november.
Der vil truleg organisasjonmedlemane få den første informansjonen frå landstyremøte ti Norges Fiskarlag, og om landsstyret lukkast med eit samlande framlegg eller ei.
Publisert: 17.11.2025 13:49
Sist oppdatert: 17.11.2025 13:49






