Neste år er det 100 år sidan bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norges Fiskarlag vart skipa.
På landsmøtet komande veke blir det truleg sett punktum - i denne omgang - for ein langvarig maktkamp i organisasjonen. Det kan avgjere om organisasjonen når 100-årsjubileet i si noverande form.
Ut frå samtalar Nett No har hatt med aktørar i næringa og ordskifte i fiskeripressa, er det minst like sannsynleg med ei oppsplitting av organisasjonen, som at det blir semje om å halde saman.
Norges Fiskarlag er i dag organisert i tre organisasjonar, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt.
Fiskebåt har hovudkontor i Ålesund og organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. Dei to andre har fiskarar og fiskebåteigarar i den meir kystnære flåten som medlemar.
Norges Fiskarlag er ein organisasjon med innebygde interessemotsetningar, spesielt mellom Nord Fiskarlag og Fiskebåt, og dei siste åra har dei indre motsetningane blitt sterkare. Det sentrale spørsmålet er fordelinga av fiskekvotane mellom dei ulike gruppene. Tidlegare var det eit fast tema på landsmøtet i Norges Fiskarlag, men i lang tid no har det vore eit ikkje-tema, der kvotefordelinga har vore stabil.
Men då Ap/Sp-regjeringa kom med si kvotemelding i januar i fjor vart stabiliteten rokka ved, til ugunst for Fiskebåt-medlemane.
Det var akkurat slik Nord Fiskarlag hadde arbeidd for, og i strid med kva som var Norges Fiskarlag sitt offisielle syn. Det sette fyr på debatten om Fiskebåt skulle seie takk for seg, og gå ut av Norges Fiskarlag.
Før sitt årsmøte i februar 2025 stilte Fiskebåt ultimatum: Nord Fiskarlag måtte gå med på at dei tre laga skulle vere likt representert i Norges Fiskarlag sine styrande organ. Dei bad óg om at framlegg om endringar i kvotefordelinga kravde to tredjedels fleirtal på landsmøtet for å bli vedtatt.
Det godtok Nord Fiskarlag i siste liten, etter press frå mellom andre Sør-Norges Fiskarlag. Resultatet blei at Fiskebåt utsette avgjerda om utmelding eller ei til landsmøtet i Norges Fiskarlag. Det går av stabelen i Trondheim tysdag 18. og onsdag 19. november.
I det store biletet handlar striden no meir om prinsipp, enn om store beløp. Men det handlar også om ein nokså djup mangel på tillit - som gjer at prinsippa blir viktige.
Sett frå Fiskebåt si side er det ei frykt for at Nord Fiskarlag også seinare kan kome til å arbeide for å endre kvotefordelinga, til gunst for sine medlemer.
Den frykta er ikkje dempa fram mot det komande landsmøtet i Norges Fiskarlag. Ei stabil kvotefordeling er eit viktig grunnlag for store investeringsbeslutningar, som til dømes å kjøpe ny båt. Den politiske risikoen for at inntektsgrunnlaget kan bli redusert ved at kvotar blir flytta til andre grupper, vil ikkje Fiskebåt ha.
Det er ikkje lenger sidan enn 2020 at Norges Fiskarlag sist sto i fare for å bli splitta. Då vedtok Fiskarlaget Nord utmelding på sitt årsmøte, ei utmelding som seinare vart avlyst. (Fiskarlaget Nord omfatta fylka Troms og Finnmark. I dag er fiskarane der ein del av Nord Fiskarlag, som også omfattar Trøndelag og Nordland).
Publisert: 16.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 15.11.2025 18:14






