Nortel samarbeider med Mobit
NY FRIST: Nortel-grunnleggar Christian Pritchard og eigarane av tilsaman 87,65 prosent av aksjane i selskapet har takka ja til å selje aksjane sine, men kjøparaen vil ha minst 90 prosent.
Nytt

Forlengar bodet på Nortel

Unifon fekk ikkje nok Nortel-aksjonærar til å takke ja.

15.08.2023

Unifon forlengar bodet på mobiltelefoniselskapet Nortel etter å fått ja frå eigarane av 87,65 prosent av aksjane i Nortel. Målet var minst 90 prosent, og no er fristen for å takke ja til bodet forlenga til klokka 16:30 mandag 28. august.

Les børsmelding her

Ja frå styret
Mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund varsla i starten av juli at styret i selskapet rådde aksjonærene til å takke ja til tilbodet frå konkurrenten Unifon om å selje aksjane sine til 27,50 kroner aksjen.

Bodet verdsette Nortel til 517 millionar kroner.

Fleire av dei større aksjonærane, saman med styremedlemer og folk i leiargruppa med aksjar hadde då allereie forplikta seg til å takke ja til bodet. Til saman eig dei omlag 70 prosent av Nortel.

Manglar 2,35 prosent
Fristen for å svare på bodet gjekk ut i går ettermiddag. Opptellinga viser at eigarane av i alt eigarane av 87,65 prosent av aksjane i Nortel har takka ja.

Eitt av vilkåra frå Unifon var at eigarane av minst 90 prosent av selskapet skulle takke ja til bodet. Med over 90 prosent eigarskap kan Unifon tvangsutløyse resten av eigarane. No manglar Unifon 2,35 prosent av aksjane i Nortel for å nå 90 prosent.

To avtalar
Aksjonærane som takka ja til å selje før styret sende ut melding om bodet frå Unifon skal får størstedelen av oppgjeret sitt i form av eigarskap i Unifon. Dei blir altså med vidare på eigarsida i selskapet som kjøper Nortel.

Resten av aksjonærane skal få betalt kontant.

I børsmeldinga skriv Nortel av Unifon kan forlenge tibodsperioden ein eller fleire gangar, men ikkje lenger enn til 18. september i år. Unifon står også fritt til å fråvike kravet om at eigarane av minst 90 prosent i Nortel må selje. Om det skjer er Unifon ikkje forplikta til å kjøpe ut Nortel-aksjonærane som ikkje har takka ja til bodet.

Publisert: 15.08.2023 07:41

Sist oppdatert: 15.08.2023 07:59

Mer om