OFS foto OFS
NY FRIST: Det landbaserte oppdrettselskapet OFS utset fristen for å teikne seg i kapitalutvidinga i selskapet for tredje gang. Foto: OFS
Nytt

Forlengar fristen igjen

Stillstand i kapitalutviding for landbasert lakseoppdrettselskap i år.

18.01.2024

Sidan årskiftet har det ikkje skjedd stort i kapitalutvidinga til det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy, som vil hente inn minst 56 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom selskapet Dealflow. Kapitalutvidinga blir gjennomført i regi av selskapet Dealflow, som har spesialisert seg på å koble mindre investorar med selskap på jakt etter kapital.

Status i dag er at investorar har teikna seg for 40,4 millionar kroner, omlag det same som var status ved årsskiftet.

Opphavleg skulle OFS vere i mål med kapitalutviding før 2023 var omme. Det gjekk ikkje og i dag har selskapet forlenga fristen for å teikne seg for tredje gang, med nye 14 dagar.

Maksimumsmålet i kapitalutvidinga er 65 millionar kroner. Om selskapet skulle nå det målet ville den nye kapitalen utgjere ein eigarandel på 17,34 prosent.

Planlegg nye emisjonar
OFS har planar om ytterlegare ei kapitalutviding i år, på 150 millionar kroner, og like mykje i ei kapitalutviding i 2025. Det går fram av prospektet til kapitalutvidinga som pågår no.

Før kapitalutviding som pågår no er verdien av OFS berekna til 438 millionar kroner.

Før neste kapitalutviding legg selskapet til grunn ein verdi på 668 millionar kroner og før kapitalutvidinge i 2025 ein verdi på 1258 millionar kroner.

Skal utvide kapasiteten
Pengane frå kapitalutvidinga som pågår no skal finansiere neste steg med utbygging og auka produksjonskapasitet til selskapet.

OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune. Selskapet har gjennomført si første slakting og satsar på å vere i gang med kommersiell aktivitet neste år.

OFS har ein konsesjon på å produsere 15.000 tonn i året.

Publisert: 18.01.2024 14:42

Sist oppdatert: 18.01.2024 14:43

Mer om