Eidskrem 9794 1 foto Johan votvik
SATSAR VIDARE: André Eidskrem og selskapet hans, Acdc Glomfjord, vil bygge opp eit datasenter med 15 MW kapasitet i Glomfjord, i bygget til høgre bak Eidskrem. Foto: Johan Votvik
Nytt

Forlik i millionstrid om datasenter

André Eidskrem og det tyske finansieringsselskapet Covalest avlyste strid om tosifra millionbeløp.

15.02.2024

Begge partane sine advokatar stadfestar at partane har inngått forlik.

Ingen av partane vil opplyse innhaldet i forliket.

Covalest kravde 17 millionar kroner frå André Eidskrem og datasenterselskapet hans, Acdc Glomfjord. Eidskrem sitt motkrav var på 25 millionar kroner.

Kjøpte konkursbo
It-investoren frå Ålesund kjøpet boet etter ei datasentersatsing i Mo i Rana, som gjekk konkurs i 2020.

I 2021 var han i gang med å etablere datasenteret i Glomfjord Industripark som skulle vere i drift frå starten av 2022.

Investeringa på i alt 45 millionar kroner blei delfinansiert av Covalest. Pengane skulle investerast i infrastruktur og transformatorar til eit anlegg som skulle riggast for å bruke inntil 15 MW energi, skreiv avisa Nordland i desember 2021.

Stikk motsette syn
Covalest meinte Eidskrem/Acdc Glomfjord hadde mislehalde låneavtale og kravde 17 millionar betalt attende. Eidskrem/Acdc meinte dei hadde utført arbeid som ikkje var betalt og kravde 25 millionar kroner frå Covalest.

Striden har vore fullstendig paralyserande, men no har begge partar inngått eit forlik dei er fornøgd med, ifølgje Eidskrem.

Striden har gjort det uråd å gå til nye kundar og investorar, men med forliket er vilkåret for vidare satsing avklart.

- Vi fortset som opprinneleg planlagt i Glomfjord, seier Eidskrem til NETT NO.

Publisert: 15.02.2024 10:42

Sist oppdatert: 15.02.2024 10:44