Eidskrem 9794 1 foto Johan votvik
STRID ETTER GLOMFJORD-SATSING: André Eidskrem skal neste veke i retten etter at partnarane i datasentersatsing har roke uklar. Foto: Johan Votvik
Nytt

Personleg millionkrav etter satsing på datasenter

Tysk partnar krev 17 millionar kroner frå ålesundar og datasenteret hans. André Eidskrem svarar med motkrav på 25 millionar.

07.02.2024

Utgangspunktet for striden er André Eidskrem si satsing på datasenter i Nord-Noreg gjennom selskapet Acdc Glomfjord. Neste veke skal striden opp i Møre og Romsdal Tingrett i Ålesund.

Eidskrem blei landskjent då VG fortalde at han selde domenet by.com for nesten 10 millionar kroner i 2016.

Rauk uklar med tysk partnar
It-investoren frå Ålesund kjøpet boet etter ei datasentersatsing i Mo i Rana, som gjekk konkurs i 2020.

I 2021 var han i gang med å etablere datasenteret i Glomfjord Industripark som skulle vere i drift frå starten av 2022.

Investeringa på 45 millionar kroner er delfinansiert av ein tysk investor. Pengane skal på infrastruktur og transformatorar til eit anlegg som skulle riggast for å bruke inntil 15 MW energi, skreiv avisa Nordland i desember2021.

Det tok ikkje lang tid før partane var blitt svært usamde.

Krev tilbake lån på 17 millionar
Den tyske investoren er selskapet Covalest Gmbh. Låneavtalen mellom Covalest og Acdc Glomfjord blei inngått 1. oktober 2021, ifølgje sluttinnlegget til tyskarane sine advokatar.

Sluttinnlegget er partane si kortfatta oppsummering av saka til retten, før rettsaka.

Lånet var på 1,5 millionar euro, omlag 17 millionar kroner, og kravet er at Acdc Glomfjord og André Eidskrem blir dømt «in solidum» til å betale pengane attende. Det vil også ha medrekna to prosent frå lånet blei gitt og åtte prosent forsinkelsesrente frå 1. desember 2022.

Eidskrem er styreleiar i Acdc Glomfjord. «In solidum» betyr at Covalest meiner Acdc Glomfjord og Eidskrem er gjensidig forplikta til å betale. Om selskapet ikkje kan betale, fell heile kravet på Eidskrem personleg.

Meiner låneavtalen er brote
Covalest meiner Acdc Glomfjord/Eidskrem har misleghalde låneavtalen.

Dette er ankepunkta frå Covalest: Dei har ikkje betalt attende innan fristen 31. desember 2023, ikkje stilt tilstrekkeleg sikkerheit for lånet, Acdc Glomfjord har brote låneavtalen ved å kome i ein illikvid posisjon, det er ikkje oppretta eit rådgivande styre slik at Covalest kunne føre kontroll med lånet og lånet er blitt brukt til å betalt utbytte til Eidskrem sitt selskap Intrahouse As i staden for å finansiere investeringar i datasenteret.

Stikk motsett oppfatning
Acdc Glomfjord/André Eidskrem har ei heilt anna framstilling av striden, og meiner Covalest skuldar 25 millionar kroner pluss renter for arbeid som er gjort.

Det viste seg raskt å vere grunnleggande usemje mellom partane om forståinga intensjonar, formål, bakgrunn og tolking av avtalen, ifølgje sluttinnlegget frå Acdc Glomfjord/Eidskrem sin advokat.

I november 2022 tilbaud Acdc Glomfjord/Eidskrem å betale den delen av lånet som var mottatt, noko som ikkje blei akseptert.

«Eidskrem hadde derav ikke annet valg enn å fortsette byggingen av infrastrukturen med en «pilot» bestående av såkalte luftkjølte racks som saksøker selv fikk skreddersydd, og dette til tross for at lånet ikke ble utbetalt ihht. betalingsplan»,, heiter det i sluttinnlegget frå Acdc Glomfjord/Eidskrem sin advokatar.

Meiner Covalest vil presse ut Eikrem
Acdc Glomfjord/Eidskrem meiner Covalest også braut eit grunnleggande premiss i avtalen, ved at det tyske selskapet ikkje signerte ein hostingavtale - ein avtale om å drive dataserverar for Covalest. Den avtalen skulle gi Acdc Glomfjord oppdrag og inntekt.

I sluttinnlegget legg Acdc Glomfjord/Eidskrem mykje av skulda for vanskane på Covalest, og meiner målet har vore ei å presse ut Eidskrem og ta over datasenteret:

«De saksøkte oppfatter at Covalest sin opptreden i prosjektet hele veien har vært med en såkalt "hostile takeover" av datasenteret for øye. Gjennom å fremprovosere et angivelig mislighold ville Covaleste kunne tvinge Eidskrem ut av prosjektet og på den måten overta potensielt svært store verdier. Det er blant annet gjort gjennom Covalests manglene oppfylling av forutsetningene i låneavtalen, samt gjennom deres nærstående selskap, Blockgems Gmbh, hvor Covalest eier 35 prosent av ksjene, sin manglende oppfylling av sine lkonomiske forpliktelser i de midlertidige samarbeidsavtalene.»

Publisert: 07.02.2024 12:25

Sist oppdatert: 07.02.2024 20:28

Mer om