Eva Torill Strand foto Ogne
FORLIK: Eva Toril Strand (til venstre) og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann har inngått eit forlik etter å ha vunne fram med eit erstatningsskrav mot Atltantic Marine og blitt tilkjent 24 millionar i erstatning. Søstereen sine advokatar, Ulf Sørdal og Kenneth Steffensen til høgre, under rettsaka i tingretten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Forlik i Stormfuglen-striden

Konkurskrav mot Atlantic Marine avblåst.

25.10.2024

Komande mandag, 28. oktober, skulle retten avgjere om det skulle opnast konkurs i Kåre Sindre Nyvoll og Stig Helge Vang sitt skipsmeklarselskap Atlantic Marine i Ålesund. Bakgrunnen var krav frå søstrene Eva Toril Strand og Dagny Elisabeth Strand Bachmann sitt selskap Stormfuglen Holding.

Det rettsmøtet blir det ikkje noko av, etter at partane har inngått eit forlik. 

– Vi har fått ein god del av kravet. Vi har inngått dette forliket for at dei (Atlantic Marine, red. merk) skal kunne driver vidare, seier advokat Ulf Sørdal i advokatfirmaet Sands til Nett No. Han representerte Stormfuglen Holding.

Striden har vore gjennom både tingretten og lagmannsretten, men med forliket er den over.

– Dette er det endelege punktum i denne saka, seier Sørdal.

24 millionar i erstatning
Stormfuglen Holding fekk tidlegare i år medhald i erstatningskravet mot Atlantic Marine og dagleg leiar Kåre Sindre Nyvoll etter salet av fiskebåten Stormfuglen i 2020. 

Søstrene meinte Atlantic Marine og Nyvoll hadde handtert salet på ein slik måte at dei gjekk glipp av fleire millionar kroner.

Det var både tingretten og lagmannsretten samd i.

Dommen i lagmannsretten 23. februar i år påla Atlantic Marine å betale 24 millionar kroner i erstatning, der Nyvoll var solidarisk ansvarleg for fem av millionane. Det er dette kravet som er årsaka til konkursbegjæringa.

Atlantic Marine anka til Høgsterett, men fekk ikkje saka opp der. Dermed vart dommen frå lagmannsretten rettskraftig.

Måtte ha minneleg ordning
Meklarselskapet Atlantic Marine har spesialisert seg på fiskebåtar og kvotar.  

I 2022 hadde selskapet 25 millionar kroner i driftsinntekt og 19 millionar kroner i resultat før skatt. I 2023 var inntekta ni millionar kroner og resultatet før skatt minus 24 millionar kroner.

I ei oppdatert årsmelding datert 16. september i år skriv Atlantic Marine at selskapet etter dommen har ein betydeleg negativ eigenkapital og at «det er ikke lenger grunnlag for fortsatt drift og selskapet vil da måtte avvikles. Beslutningen om avvikling er pr dags dato satt på vent i forbindelse med motparten om muligheten for en minnelig ordning. Driften og inntjeningen i 2023 og hittil i 2024 har vært hemmet av den situasjonen som har vært. Styrets konklusjon er derfor at det ikke er grunnlag for fortsatt drift med mindre det oppnås enighet om en minnelig ordning».

Ikkje første konkursvarsel
Ifølgje dommen i lagmannsretten kan usemje om storleiken på honoraret til Atlantic Marine vere den utløysande årsaken til striden mellom Stormfuglen Holding og Atlantic Marine. 

Skipsmeklerselskapet meinte det ikkje hadde fått den avtalte betalinga, og truga Stormfuglen Holding med konkurs.

«Tvisten mellom partene synes utløst av meglerens forsøk på å innkassere den resterende kommisjonen på MNOK 1,85, endog med forkynnelse av konkursvarsel», heiter det i dommen frå lagmannsretten.

Publisert: 25.10.2024 14:58

Sist oppdatert: 25.10.2024 15:23

Mer om